Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
MEDISINSK POLIKLINIKK OG HUDPOLIKLINIKK KRISTIANSUND, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar / spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. mai
Det geriatriske fagfeltet veks og vi ser ei spennande utvikling av geriatri i sjukehus. Vi treng fagfolk med på laget. Kom og bli med oss å gjere ein forskjell i eit viktig samfunnsoppdrag!
Geriatrisk poliklinikk er eit tilbud kor man i eit tverrfagleg team med lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut observerar, behandlar og diagnostiserar pasientar. Pasienter som henvisast til oss er eldre med ukjent årsak til funksjonssvikt, samansett sjukkdomsbilde, behov for heilheitsvurdering av medikamentbruk og personar med mistenkt kognitiv svik. Samt kontrollar etter demensdiagnose og hjerneslagdiagnose.
Geriatrisk poliklinikk er organisert i medisinsk poliklinikk kor vi til saman er 13 tilsette som jobbar innan ulike fagområde. Ditt hovedarbeidsområde vil for tida vere innan geriatri, men du må også påregne å jobbe innan andre fagområde ved behov i poliklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Du er ein del av eit tverrfagleg team som gir våre pasientar eit trygt og sikkert sykehusopphald.
- Jobbe i nær samhandling med den enkelte pasient og pårørande.
- Tverrfagleg kliniske konsultasjonar som : Kognitiv kartlegging, slagkontrollar og fallutgreiing.
- Samtalegrupper for pårørande til personar som har demens, i samarbeid med kommunehelsetjenesta.
- Områdegeriatri.
- Assistere legar ved undersøkingar..
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med videreutdanning i geriatri
- Erfaring frå geriatri i spesialisthelsetjenesta kan vere ein fordel
- Du må beherske norsk godt muntleg og skriftleg
- Gode kommunikasjonsevner med pasientar som kan ha problemer med å uttrykke seg
Personlege eigenskapar
- Dine gode samarbeidsevner er viktig
- Særskilt god kommunikasjon med pasientar og pårørande
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Du må kunne jobbe godt både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Svanemsli, Seksjonsleiar, Linn.Kristin.Svanemsli@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4947228696
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2923008
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f25ae09549ab4e9d943abbb5919bd224