Trucknor Førde AS søker mekanikar tunge køyretøy
Trucknor Førde AS
ØYRANE 10, 6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Mekanikar tunge køyretøy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Trucknor Førde er ein autorisert verkstad for Volvo, Renault og MAN, som i 2024 omsette for vel 38 millionar kroner. Vi har eit solid team på 13 tilsette, med ei god blanding av erfaring og ny kompetanse. Du vil bli ein del av vårt trivelege og inkluderande arbeidsmiljø, der du vil få arbeide med moderne utstyr og teknologi på marknadens leiande maskiner. Dette gir gode høve for fagleg utvikling. Bli med på laget og jobb med dei største maskinene!
Vi ser etter deg som:-
Har interesse for faget og likar å skru på storbil
-
Er strukturert, lærevillig og engasjert
-
Kan jobbe sjølvstendig, men har óg gode samarbeidsevner
-
Har relevant fagbrev eller erfaring, samt interesse for tungbil
-
Beherskar norsk eller engelsk
-
Har kompetanse innan elektro og moderne feilsøkingsmetodar (ikkje eit krav)
-
Feilsøking og diagnose på rullande materiell
-
Service og reparasjonar på lastebilar
-
Reparasjonar av tilhengarar og anna tyngre materiell
-
Ein spennande og variert jobb som mekanikar/teknikar
-
Ein trygg jobb i ei framtidsretta og solid bedrift
-
God opplæring, kurs og gode utviklingsmoglegheiter
-
Tilgang til nytt og moderne utstyr -- vi jobbar med det nyaste på marknaden
-
Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
-
Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjon
-
Tilgang til ferieleiligheiter i Noreg og Spania
Vil du bli ein del av laget vårt?
Send oss ein kort søknad og CV -- vi vil gjerne høyre frå deg! Ta kontakt dersom du har spørsmål.
Om bedriften
Trucknor Førde AS er autorisert verkstad for Volvo, Renault og MAN laste- og varebilar som i 2024 omsette for vel 38 millionar kroner. Trucknor Førde AS er eigd av Trucknor Sogn og Fjordane AS -- ein autorisert Volvo lastebil- og bussforhandlar med ein marknadsdel på om lag 53 % for lastebilar over 16 tonn i Sogn og Fjordane i 2024. Både Trucknor Sogn og Fjordane AS og Trucknor Førde AS er ein del av Trucknor AS, som igjen er eigd av Strømberg Gruppen AS med ei omsetning på kring 3,4 milliardar kroner i 2024.
Sektor
Privat