Vi søker deg med erfaring frå prosessleiing og tenestedesign
Statens helsetilsyn
Møllergata 24, 0179 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
2025/12 - prosessleing og tenestedesign
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta, og skal utvikle tilsynsverksemda.
Helsetilsynet og statsforvaltarane har ein ny felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta. Vi skal styrke samhandling på tvers av Helsetilsynet og statsforvaltarane, og bruke kunnskapsbaserte og rettslege verkemiddel for å fremme læring og forbetring. Helsetilsynet står overfor mange og spennande endringar og utviklingsoppgåver. Den som blir tilsett vil få ei sentral rolle i utvikling av arbeidsprosessar og standardisering, noko som vil påverke framtidas tilsyn. Det er behov for betydeleg koordinering og harmonisering på tvers av avdelingar og statsforvaltarar.
Vi søker ein erfaren medarbeidar som vil få ansvar for å leie kartlegginga av arbeidsprosessar i Helsetilsynet og hos statsforvaltarane. Vidare skal den som blir tilsett identifisere forbetringsområde og bidra til utvikling og standardisering som grunnlag for eit nytt felles digitalt fagsystem. God involvering og samarbeid med dyktige fagfolk i heile tilsynsmyndigheita er essensielt for eit vellykka arbeid.
Arbeidsoppgåver
- leie arbeidet med kartlegging av arbeidsprosessar og bidra til utvikling og standardisering
- identifisere forbetringsområde
- utvikle scenario og visualisere ønskt situasjon og løysing
- planlegge, utøve og leie ulike designaktivitetar
- fasilitere prosessar og workshopar i heile tilsynsmyndigheita
- bidra aktivt og kreativt i tverrfaglege team
- sikre god involvering og samarbeid og sikre effektiv kommunikasjon mellom Helsetilsynet og statsforvaltarane
- utarbeide dokumentasjon og rapportar som støtter prosessutveklinga
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- høgare utdanning innan relevant fagområde
- solid erfaring med prosesskartlegging, prosessutvikling og prosessleiing
- dokumentert erfaring med tenestedesign og utvikling av digitale system
- erfaring med å leie tverrfaglege team og prosjekter
- erfaring med større skriftlege arbeider
Ønskte kvalifikasjonar:
- erfaring med kreative arbeidsprosessar
- leiarerfaring frå prosessarbeid
- kjennskap til statleg organisering og styring
Personlege eigenskapar
Vi søker deg med god samarbeidsevne, med ei løysingsorientert haldning, og med særs god kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg.
Du må :
- ha evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og ta avgjerder
- vere fleksibel og tilpassingsdyktig
- ha god evne til å bygge relasjonar
Vi legg stor vekt på at du har god rolleforståing, og at du er personleg eigna.
Vi tilbyr:
Stillinga er plassert i stillingskode som seniorrådgivar og blir lønna etter avtale. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dagar per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Erik Stene, Fagdirektør, 21 52 98 26, est@helsetilsynet.noTone Traa, Underdirektør, 21 52 98 15, ttr@helsetilsynet.no
Arbeidssted
Møllergata 240179 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statens helsetilsynReferansenr.: 4980908377
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 25.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f9ff03c2-cd13-4b6b-bc34-8ac1bdc9ee96
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b9c0b47926654d04a33425f3ce3c5004