Sokneprest i Sunnfjord prosti, Lavik og Bjordal/Ortnevik sokn
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Primær Fylkesvei 607 300, 6947 Lavik
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Sunnfjord prosti - Lavik og Bjordal/Ortnevik sokn
Antall stillinger
1
Vi har ledig stilling som sokneprest i Sunnfjord prosti, med sokna Lavik og Bjordal/Ortnevik i Høyanger kommune som tenestestad.
Høyanger kommune ligg i nord i Vestland fylke, på begge sider av Sognefjorden. Kommunen har omlag 4000 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til Lavik er eit par timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthamn, Bringeland.
Området har vakker natur med fjell og fjord og ligg godt til rette for jakt, fiske og friluftsliv. Lavik har tilbod som innandørs symjebasseng, kro og hotell. Kulturlivet er rikt med korps, idrettslag og treningssenter. Lavik og Bjordal har barnehage, og barne- og ungdomsskule.
Kommunen har fire sokn, med fem kyrkjer og eit bedehus som vert nytta som kyrkje. Høyanger sentrum har kyrkjekontor og prest med ansvar for Kyrkjebø sokn og Høyanger sokn, kantor, administrasjonssekretær, kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje . Soknepresten må samarbeide med dei som er lokalisert i Høyanger og pårekne presteteneste i Kyrkjebø og Høyanger sokn etter behov og i ferier. Kyrkja har også kontor i Lavik der soknepresten har sitt daglege virke.
Fellesrådet har lyst ut stilling som kyrkjelydspedagog med søknadsfrist 1. mai og kyrkjeverje med søknadsfrist 1. juni.
Lavik har eit godt tilbod for born, som gjev god deltaking på trusopplæringsgudstenester. Her er også engasjerte ressurspersonar som gir av tida si til arbeidet i kyrkjelyden. Lavik Kantori, som er alle fire sokna sitt kor, har øvingar her. Alværa kyrkje- og misjonssenter er ein flott samlingsstad som kan nyttast av lokalkyrkjelyden.
I Bjordal og Ortnevik sluttar menneska gjennomgåande opp om folkekyrkja med stor deltaking i gravferder og kyrkjelege handlingar, men mindre deltaking i ordinære gudstenester. I Ortnevik ligg «Bønnens hus Sogn» som er arbeid knytt til Ungdom i Oppdrag (UIO), ein god ressurs i tilbodet for born og unge. Dei tre kyrkjene i dei to sokna er tradisjonelle, om lag 100 år gamle og godt vedlikehaldne.
Begge sokna vil gjerne satse meir på samlingar for vaksne med ulike tema og bygging av fellesskap.
Skriftspråket er nynorsk.
Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- forkynning og arbeid med gudstenestelivet
- samarbeid med kyrkjeleg tilsette, medlemar i sokneråd og frivillige medarbeidarar
- planlegge og utvikle gudstenesteliv for alle aldrar, delta i trusopplæring og diakoni
- ansvar for konfirmantundervisninga
- beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
- vere geistleg representant i Lavik og Bjordal/Ortnevik sokneråd
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- god formidlingsevne
- evne og vilje til samarbeid
- god relasjonskompetanse
Vi tilbyr
- stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
- reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- arbeidsvegleiing (ABV)
- bustad i Lavik
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef, 996 25 480Knut Magne Nesse, prost i Sunnfjord, 917 13 275
Arbeidsstad
Primær Fylkesvei 607 3006947 Lavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirkeReferansenr.:4506579349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2022
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1973905
- Hentet fra
talentech
- Referanse
703d6911074045ac8b9328cec4448468