Hopp til innhold

Driftsteknikar

Arbeidsgiver

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Sted

Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Driftsteknikar (46/26)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Dette er NTNU

NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.

På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verda.

NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business.

Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0

Som driftsteknikar ved campus Ålesund, vil du få

  • fast tilsetting i 100 % stilling ved Seksjon for eiendom og drift
  • bidra til utvikling gjennom seksjonen sitt ansvarsområde
  • arbeide i eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og tillit
  • bruke din gode fysikk til å utføre viktige arbeidsoppgåver ved campus
  • moglegheit til å vere ein del av eit godt støtteapparat til eit universitet som arbeidar for å verte verdsleiande i sine fagfelt

Vi søkar ein synleg, tydeleg og engasjert medarbeidar som blir motivert av å bidra til utvikling. Du trivst med å samarbeide med ulike menneske, og møter andre på ein inkluderande og positiv måte. Du likar fysisk arbeid, samstundes som du har interesse for å finne gode og praktiske løysingar på utfordringar i kvardagen.

Seksjon for eigedom og drift ved campus Ålesund består av 12 tilsette, og har ansvar for effektive leveransar til NTNU si kjerneverksemd. Dette omfattar mellom anna oppgåver innan prosjektoppfølging, leigetakarvedlikehald, samt drifts- og serviceoppgåver. Stillinga inneber også løpande vedlikehald og øvrige leveransar frå driftseininga til fakultet og institutt ved NTNU.

Stillinga rapporterar til avdelingsleiar for drift ved seksjon for eiendom og drift. Arbeidsstad er ved NTNU campus Ålesund.


Kva gjer ein driftsteknikar ved campus Ålesund? 

Arbeidskvardagen din vil stort sett bestå av: 
  • varierte oppgåver knytt til dagleg drift
    Du vil ha ei sentral rolle i å sikre ein velfungerande campuskvardag, der du får brukt både praktiske og tekniske ferdigheiter.
     
  • følge opp og utføre innmelde drifts- og vedlikehaldsoppgåver
    Du sørgar for effektiv handtering av innmelde behov og bidreg til at bygningar og tekniske anlegg held god standard og fungerar optimalt.
     
  • vaktmeistertenester og driftsrelatert aktivitet
    Du er ein synleg og tilgjengeleg ressurs i kvardagen, og bidreg til gode brukaropplevingar for studentar og tilsette gjennom rask og løysingsorientert oppfølging.
     
  • arbeide aktivt med HMS, branntryggleik og internkontroll
    Du tek ansvar for eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, og bidreg til systematisk førebygging og etterleving av gjeldande krav og rutinar.

Kva slags kvalifikasjonar må du ha? 

  • relevant fagbrev, gjerne innan bygg eller andre tekniske fag. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • dokumentert relevant praksis og praktisk erfaring
  • grunnleggande digital kompetanse
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk 
  • førerkort klasse B (personbil)  

Det er ein fordel om du også har

  • erfaring med innkjøp og bestilling av varer, tenester og bygningsmessige oppdrag 
  • erfaring med HMS og risikovurdering
  • erfaring med branntryggleik
  • førerkort klasse BE

Kva personlege eigenskapar må du ha? 

  • du evnar å bygge relasjonar og kommuniserar godt med ulike menneske
  • du handterar tidsfristar og evnar å prioritere oppgåver under press
  • du er ein lagspelar med pågangsmot
  • du må vere serviceinnstilt og på tilbodssida for andre
  • du må vere løysingsorientert og trivast med problemløysing

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.


Kvifor skal du velje oss? 


Kva slags løn og vilkår kan du forvente om du vert tilsett? 

I stillinga som driftsteknikar kode 1136 vil du normalt lønast frå brutto kr 500 000 - 580 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. For særlig godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna trekkast 2 % lovfesta innskot til
Statens Pensjonskasse.

Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du pårekne at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Det er ein føresetnad at du kan vere til stades ved og tilgjengeleg for arbeidsgivar på dagleg basis.


Viktig å vete om søknaden din

Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyll kriteria som er beskrive over.

Søknaden må innehalde:

  • CV, attestar og vitnemål/fagbrev
  • Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile
    utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.


    Kontaktperson for stillingen

    Tommie Nylén

    Avdelingsleiar drift

    +4799540418

    tommie.nylen@ntnu.no

    Om bedriften

    NTNU - kunnskap for ei betre verd

    Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitskapelege universitet, skapast kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan forandre kvardagen. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f9ca6a33-e6a8-417e-aa3f-5710de48c249

    Sist endret

    8. mai 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10295274

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser