ID 2113 Helgestillingar - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Likar du å snakke med og hjelpe folk, er du snar i snuen og løysningsorientert? Kan du rygge på speil i mørke og regn?
Me i heimebaserte tenester (HBT) treng motiverte folk til helgestillingar for å levere helsetenester til folk i eigen heim.I ein helgestilling jobbar du kvar 3. helg i lag med andre faste, kjekke og dyktige kollegaer. Det er også gode moglegheiter for å <<shoppe>> vakter utover det via ein app. Me har ledige helgestillingar i dei ulike avdelingane som er avdeling Demens, Vest, Sentrum og Nord, to av avdelingane skal også prøve ut langvakter kvar 4. helg frå 2024. Studentar oppfordrast til å søkja.
Arbeids- og ansvarsområde:Kva gjer me i heimebaserte tenester? Du vil garantert få nytte alle dine gode mellommenneskelege, kreative og praktiske evner i løpet av dagen for å tilpasse deg ulike menneskjer og situasjonar. Arbeidsdagane er aldri heilt like, då det er folk du jobbar for og med, og behova deira for hjelp vil variere. Du køyrer frå hus til hus og får yta for folk det dei ikkje meistrar sjølv, anten det er bistand til stell/dusj, påkledning, matlaging, til medisinar eller andre aktivitetar knytt til nødvendig helsehjelp og praktisk bistand.
Kunnskap og interesse for menneske og helse kjem godt med til det beste for dei du er innom.
Likar du både å jobbe sjølvstendig og i team, passar du godt inn hos oss. Om du i tillegg likar å køyre bil, ikkje er redd for utfordringar og tidvis hektiske dagar, ikkje nøl med å søkja jobb hos oss.
Kvalifikasjonskrav:
- Førarkort klasse B
- Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel om du har erfaring frå kommunehelsetenesta
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Anne Grete Vik telefon: 53496736 eller Solveig Laukhammer 53496622
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2488229
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f9b36352-20ed-4718-b47d-77b9ade0c059