Drifts- og serviceteknikar - Sterilt teknisk utstyr
Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Drifts- og serviceteknikar - Sterilteknisk utstyr
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. november
Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Har du fagbrev og teknisk fagskule, og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø?
Då vil vi gjerne ha din søknad på vår ledig stilling som drifts- og serviceteknikar!
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus søkjer Drifts- og serviceteknikar med ansvar for sterilt teknisk utstyr.
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.I komande år vil utvikling av drifta fortsetje med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Drive førebyggande vedlikehald og reparasjon av sterilteknisk utstyr.
- Utføre og oppfølging av dokumentasjon på tekniske anlegg
- Oppfølging av rammeavtaler innanfor nemde fagfelt.
- Sakshandsaming relatert til fagområdet.
- Deltaking på tvers av fagrupper
- Ei av stillingane vil inngå i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Fagbrev/kompetanse innen automasjon/elektromekanisk / mekanisk
- God kjennskap til drift- og vedlikehaldssystem
- Allsidigheit er eit nøkkelord for stillinga.
- Det er nødvendig at kandidaten har generelt god IT-kompetanse/tegneprogram
- Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
- Førerkort klasse B
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsorientert og omgjengeleg
- God arbeidskapasitet - kunne ta eit tak ved høve
- Strukturert og målretta
- Vere sjølstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
- Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Felksibel arbeidstidsordning
- Hjelp med bustad/husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Terje Jan Nes, Avdelingssjef, 415 30 517Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, 992 88 838
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4883004689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Jan Ove Steinseth
Seksjonsleiar
992 88 838
Terje Jan Nes
Avdelingssjef
415 30 517
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790563
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6785f00cc3e64cb8a6a26fce04b4dd4b