Vil du vere med å forme eit nytt tilbod? Overlege søkjast til Forsterka utgreiing og rehabilitering
Divisjon psykisk helsevern/ Forsterka rehabilitering/ Forsterka utgreiing og rehabilitering, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du vere med å forme eit nytt tilbod? Overlege søkjast til Forsterka utgreiing og rehabilitering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Klinikk sikkerheitspsykiatri og Psykiatrisk klinikk samarbeider om å etablere ein ny sengepost ved Sandviken sjukehus, med planlagt oppstart 2025/2026. Arbeidet er framleis i ein tidleg fase, og det organisatoriske rammeverket er ikkje endeleg fastsett. Vi søkjer ein framoverlent overlege som ønskjer å bidra til spanande utviklingsarbeid som del av Helse Bergen si satsing på psykisk helsevern for framtida.
Sengeposten vil vere eit viktig tilskot til den eksisterande behandlingskjeda og inngå i heilskaplege pasientforløp innan sikkerhetspsykiatri. Overlegen vil inngå i eit tverrfagleg team på om lag 35 årsverk.
Den nye sengeposten vil ha 8 senger og tilby eit heilskapleg behandlingstilbod til pasientar med alvorleg psykisk liding og valdshistorikk, ofte i kombinasjon med rusliding. Sengeposten vil ha særleg fokus på utgreiing, stabilisering og psykiatrisk behandling og rehabilitering, med ei forventa innleggingstid på 2–6 månader.
Dette er eit nytt og spanande prosjekt der du får høve til å påverke innhald, struktur og drift i eit framtidsretta behandlingstilbod.
Arbeidsoppgåver
- Inngå i tverrfaglege team kor utgreiing, diagnostisering og behandling og rehabilitering av pasientar vert gjennomført i tråd med overordna krav og nasjonale føringer
- Vere ansvarleg for vedtak etter psykisk helsevernlov
- Gjere utgreiing av risiko for vald
- Yte medisinskfagleg rettleiing og bistand i dei tverrfaglege teama ved sengeposten, med særleg fokus på miljøterapeutisk tilnærming
- Delta og bidra i utviklingsarbeid
- Ha utstrekt samarbeid i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
- Bidra med undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og annan spesialisthelseteneste
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og fagleg utvikling
- Det kan bli aktuelt å ha utgreiings-og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i klinikken
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i vaksenpsykiatri
- Erfaring frå døgnpost, sikkerheitspsykiatri og/eller psykiatrisk rehabilitering er ønskjeleg
- Dokumentert interesse for rehabilitering og/eller rettspsykiatriske emne vil vere ein fordel
- Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg
- Vandelsattest må leggjast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, inkluderande og har eit godt lag med folk
- Du har evne til å inspirere, rettleie og engasjere medarbeidarar
- Du kommuniserer godt og bygg tillit i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivst i tverrfaglege team og meistrar høgt tempo og krevjande situasjonar
- Du er strukturert, målretta og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Du er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg lett nye situasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne og held deg roleg og profesjonell under press
- Du viser respekt, empati og profesjonalitet i møte med pasientar
- Du har eit sterkt engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du bidreg aktivt til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
Personlege eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen
- Samarbeid med erfarne spesialistar
- Moglegheit for å bidra til å utvikle tverrfaglege team knytt til psykiatrisk behandling og rehabilitering
- Moglegheit for å drive med systematisk utviklingsarbeid, med høve til å delta i forsking
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, drifta av Helse Bergen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marthe Halvorsen Kjærstad, Avdelingsleiar, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.noSusanne Karlsen, Ass. avdelingsleiar, 48110709, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4985760081
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f99c9a22-fc06-41b7-8960-11d99e5c99d7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8b8201b5bd004a67a2406e61b2e94caa