Avdelingsleiar ved Surnadal sjukeheim
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ledig fast 100% stilling som Avdelingsleiar ved Surnadal sjukeheim
Som avdelingsleiar er du ein av fire i leiarteamet ved Surnadal sjukeheim, og stillinga har dagarbeidstid.
Einingsleiar er næraste overordna. Du vil arbeide tett med dei andre i leiarteamet om utvikling og utforming av tenestetilbodet.
Ansvarsområde vil i hovudsak vere fag, økonomi - og personalansvar og koordinering av tenestene ved sjukeheimen.
Kvalifikasjonar :
- søkjarar som har norsk offentleg autorisasjon som sjukepleiar vil bli prioritert, men andre yrkesgrupper med utdanning på Bachelor-nivå innan helse- og omsorgsfag kan òg søkje
- vidareutdanning innan leiing er ønskeleg, men først og fremst søkjer vi deg som har god realkompetanse, gode leiareigenskapar og leiarerfaring. Tilpassa opplæring vil bli gitt
- vi ønsker at du har gode samhandlingseigenskapar og at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kjennskap til turnusplanlegging og erfaring innan helselogistikk, tildeling av helsefaglege tenester er ønskeleg
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- opplæring
- flyttegodtgjering i tråd med reglane i kommunen sin personalplan
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2339624
- Sist endret
5. juni 2023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3169293_187099_nn