Overlege i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
FØDE, BARSEL OG GYN. POL. VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Overlege i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Volda sjukehus søker ein engasjert og fagleg sterk spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Vi ser etter ein allsidig fagperson med gode evner til leiing og samarbeid, som ønsker å bidra aktivt til utvikling av faget og tenestene våre.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt og triveleg fagmiljø. Vi har rundt 500 fødslar i året, hovudsakleg med låg til moderat risiko. Anestesiseksjonen handterer akuttsituasjonar med nyfødde, og vi har barnelege tilknytt barselavdelinga.
Innan gynekologi tilbyr vi utgreiing, behandling og operasjonar av dei vanlegaste gynekologiske tilstandane. Vi har eit tett og godt samarbeid med resten av sjukehuset, og med kvinneklinikken i Ålesund.
Du vil få spennande oppgåver innan føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. For tida har vi seksdelt heimevaktordning. Du vil også få høve til å vere ein drivkraft i utviklinga av fagområdet og tenestetilbodet vårt, og bidra til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg vil du delta i og legge til rette for spesialistutdanning for LIS3.
20 % av stillinga kan vurderast knytt til leiaransvar for gynekologiske legar.
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon – vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost
- For tida er det seksdelt heimevakt
- Du vil medverke til å utvikle fagområdet ved sjukehuset
- Du vil vere ein drivkraft og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
- Du har god evne til å leie og arbeide i team
- Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS3
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Du meistrar norsk/skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig og engasjert
- Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit blant pasientar og kollegaer
- Du trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardag
- Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengst
Å være personlig egnet blir sterkt vektlagt!
Vi tilbyr
- Ein leiar og ei personalgruppe som er opptekne av at du skal lukkast
- Dyktige, nytenkande, hyggelege og engasjerte kollegaer
- Hjelp til å skaffe bustad
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Tilbod om personaltrening
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.Kontaktinformasjon
Heide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar, 70058348/92217819, Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5020701704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f989b593-80e5-4660-8ce9-04802df98c08
- Hentet fra
talentech
- Referanse
76ebec7073aa4557abc1565aadac6659
Lignende annonser
Lege i spesialisering - ortopedi
Arbeidsgiver
Ortopediske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Arbeidsgiver
KLINIKK VOLDA SJUKEHUS, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Volda vgs søkjer tilkallingsvikarar for lærarar og elevassistentar
Arbeidsgiver
Volda vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Volda