Seksjonsleiar
KLINIKK VOLDA SJUKEHUS, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Du finn Volda midt i det beste Norge kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Gjennon Eiksundsambandet er kommunene på Søre Sunnmøre med omlag 50.000 innbyggjarar knytta tett saman, og avstandane er korte inn til sjukehuset. Det er og gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn, i tillegg til hyppige bussavgangar både innad og ut av fylket. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Ved kirurgisk/ortopedisk sengepost er det ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.01.2026.Sengeposten har 24 plassar og tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med stor fagleg breidde og høg kompetanse. Vi har eit høgt pasientvolum, både innan akutt og planlagt kirurgi, og har over tid arbeidd målretta med å flytte fleire behandlingar over til dagkirurgi. Dette har gitt gode og effektive pasientforløp.
Klinikken er i gang med å sjå på sengepostorganiseringa, og det er då gode høve til få vere med å utvikle sin framtidige arbeidsplass.
Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeider tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Stillinga krev stor grad av nærvær, og kan ikkje delast opp eller kombinerast med andre oppgåver. Klinikksjef er næraste overordna. Endeleg oppstartsdato vert vi samde om!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift i seksjonen og samarbeid med andre seksjonar
- Fag-, personal- og resultatansvar
- Ansvar for ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
- Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
- Aktiv deltaking i leiargruppa i klinikken
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter ein leiar med sjukepleiefagleg utdanning
- Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring vert vektlagt
- Det er ønskeleg med ein leiar med erfaring frå omstillingsarbeid og endringsleiing
- Det er ønskeleg med klinisk erfaring
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er nytenkande og løysingsorientert
- Du er trygg og sjølvstendig
- Du er engasjert og involverande, med evne til å motivere andre
- Du er analytisk og strategisk
- Du tenker heilheitleg
- Du er opptatt av å bygge felles kultur
- Du har evne til å samarbeide med andre fagområder
- Du er ein relasjonsbyggar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode høve til å utvikle deg som leiar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein spanande leiarjobb i ein seksjon med høgt fagleg nivå og engasjerte medarbeidarar
- Høve til å bidra til uvikling av Volda sjukehus i den pågåande omstillingsprosessen
- Godt samarbeidsklima mellom ulike yrkesgrupper og fagområder i klinikken
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Øyvind Nytun, Klinikksjef, Oyvind.Nytun@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5024783584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
adc2778d-01ef-4207-99ed-8892ee8e63de
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2534fb5d49324b98ad0bb9a298df80d5
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kirurgiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har 95 % fast st for sjukepleiar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Sande kommune
Sted
Larsnes