Hopp til innhold

Nynorskpraktikant i NRK: Få opplæring og praksis med løn!

Arbeidsgiver

NRK Nynorsk mediesenter

Sted

Storehagen 10, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Nynorskpraktikant i NRK
Oppstart
17. august 2026
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Vil du prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her lærer du alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer - med betaling!

To gongar i året tar NRK inn fem talentfulle nynorskpraktikantar, som får opplæring og praksis i journalistikk på alle plattformer. Praktikantperioden er på seks månadar, der dei fire første månadane er i NRK i Førde og dei to siste i ein annan redaksjon i NRK.

Du treng ikkje utdanning eller erfaring med journalistikk, for vi ser først og fremst etter talent og potensial. Du får praktikantløn i heile perioden.

Vi ser rett og slett etter deg som er nynorskbrukar, samfunnsengasjert og har talent for journalistikk!


Slik er opplegget

Praktikanthalvåret er delt i tre fasar. Dei første to månadane får du opplæring på TV, nett og radio, og du produserer saker for NRK under tett oppfølging av faglærarar og journalistar. Dei neste to månadane lagar du stoff for nyhenderedaksjonen til NRK Vestland i Førde. Til slutt er det to månadar praksis i ein annan redaksjon i NRK.

Mediespråket er nynorsk.

Mange tidlegare praktikantar har no fast jobb i NRK eller andre mediehus. Nokon er programleiarar i NRK P1, P2 eller P3. Andre er TV-reporterar eller nettjournalistar på NRK.no, og vi finn og tidlegare praktikantar som jobbar som reporterar på distriktskontor. Det er dessutan fleire i andre medium som TV 2, VG og lokalaviser.

Kvalifikasjonane dine

  • Du har fullført vidaregåande utdanning.
  • Det er ein fordel om du har førarkort for bil.

Dette ser vi etter

Vi leitar etter engasjerte og samfunnsorienterte folk. Vi ser etter kandidatar frå ulike stadar i landet, og gjerne med fleirkulturell bakgrunn. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn få andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken. 

  • Du er topp motivert for å bli journalist og bruke nynorsk.
  • Du må vere interessert i det som skjer i samfunnet og følge med på nyhende.
  • Du må ha stå-på-vilje og like utfordringar og høgt tempo.
  • Du har handlekraft og god gjennomføringsevne.
  • Du har eit levande og godt språk, og ønsker å fortelle dei gode historiene.
  • Du likar å samarbeide og dele kunnskap med andre.

Noko av det vi tilbyr

  • Unik opplæring i eit operativt nyheitsmiljø.
  • Løn som praktikant i heile perioden.
  • NRK-journalistar som lærarar.
  • Du blir rekna som intern NRK-søkjar i tre år etter avslutta opplæring, men det er ingen garanti for arbeid etter praktikanttida.
  • Eit pulserande og ungt praktikantmiljø. Vi held til i Nynorskhuset saman med mellom andre Nynorsk avissenter og Nynorsk scenespråksenter.

 

Send oss ein søknad!

Skriv ein søknad som fortel noko om deg sjølv og kvifor du søker.

Legg ved ei lenke til ein video, der du fortel om noko som har skjedd deg i det siste. Videoen skal vere på maks 60 sekund. Bruk gjerne wetransfer.com eller ei anna enkel delingsteneste. OBS: pass på at videoen er open for mottakar, slik at vi slepp å be om tilgang.

Heile NRK treng nynorskbrukande journalistar. Som praktikant kan du vere i praksis i ein riksredaksjon i Oslo, men du får minst like god erfaring ved eitt av dei mange distriktskontora rundt omkring i landet. Det er derfor fint om du i søknaden skriv litt om kvar du kan tenke deg praksis.

Du må og legge ved attestar og vitnemål i søknaden.

Les meir om stillingane og opplegget på https://nynorskmediesenter.no/

Kontaktinformasjon

Rune Fossum Lillesvangstu, Leiar, 91874111, rune.fossum.lillesvangstu@nrk.no
Eva Marie Felde, Faglærar, 99548828, eva.marie.felde@nrk.no

Arbeidssted

Storehagen 10
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NRK

Referansenr.: 5085791614
Stillingsprosent: 100%
Praktikant
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 26.02.2027
Søknadsfrist: 15.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Eva Marie Felde

Faglærar

99548828

eva.marie.felde@nrk.no

Rune Fossum Lillesvangstu

Leiar

91874111

rune.fossum.lillesvangstu@nrk.no

Om bedriften

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f936663f-34dd-4ec1-b5d2-50a034f0a1a9

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f1c5a14a74094114b110027cb99b43f6

Lignende annonser