Sikkerheitsingeniør (IT)
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Sikkerheitsingeniør (IT)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Er du nysgjerrig på ny teknologi, vil du være med å bygge framtidens informasjonssikkerhetsarkitektur ved UiB?Då er det deg vi ser etter
Vi skal nå starte eit løft for vår sentraliserte logg-teneste saman med UiO. Denne er basert på ELK-stack med OpenSearch, og vi har behov for å styrke vår kompetanse på dette området med to nye personar.
Arbeidsoppgåvene vil tidvis være prosjektorientert og vil variere over tid. Dei som vert tilsette skal ha eit ansvar for å bygga og spreie kompetanse på ELK-stack løysinga på IT-avdelinga generelt og informasjonssikkerheitsgruppa spesielt og delta i andre oppgåver gruppa har. Oppgåvene vil innebere læring og moglegheit for vidareutvikling.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4300 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her.
Stillingane ligg under Informasjonssikkerheitsgruppa, som inngår som del av Seksjon for strategi og verksemdsstøtte.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Jobberfaring med:
- å bruke GIT i et større miljø («infrastructure as code»)
- applikasjonsutrulling for Linux og Windows
- bash, shell-scripting, Python, ANSIble
- OpenSearch / Elastic Search / Splunk
- Kibana/Kusto query language, SQL eller tilsvarende
- oppfølging av logger frå eit informasjonstryggleiksperspektiv
- God forståing av informasjonstryggleik, gjerne med sertifisering og ein trong til å læra noko nytt
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt
- Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
- Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
- Erfaring frå UH-sektoren er ønskeleg
- For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
- For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Gode mogelegheiter til å utvikle sin faglege kompetanse, kurs mm.
- Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
- Stilling som avdelingsingeniør (kode1085) løn 460 600 – 550 000, overingeniør (kode 1087) løn 600 00 – 700 000, eller senioringeniør (kode 1181) løn 646 000 -750 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Fleksitid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: informasjonssikkerheitsleiar Jimmy Thomsen (jimmy.thomsen@uib.no, mobil 957 55 220) eller seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no, tlf. 555 84 270).
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Sektor
Offentlig