Hopp til innhold

Vi søkjer Arbeids- og utdanningsspesialist i prosjekt 

Arbeidsgiver

Psykosepoliklinikk Haugaland DPS

Sted

Floraveien 75, 5535 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Arbeids- og utdanningsspesialist
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. februar

Psykosepoliklinikken har fått midler til utprøving av AUS-stilling i FACT-team og søkjer nå etter ein engasjert og målretta arbeids- og utdanningsspesialist (AUS).

I første omgang gjeld dette for eit år med mulighet for forlenging. Stillinga er knytt til vårt FACT-team, som har kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Tysvær i sitt opptaksområde.  FACT er eit team som yter tenester til menneske med alvorlege psykiske vanskar og/eller ruslidingar som har behov for fleksibel, langvarig og koordinert oppfølging. Arbeidsmodellen inkluderer utgreiing, behandling, oppfølging, rehabilitering og støtte til personlig utvikling og tilfrisking. FACT-teamet er tverrfagleg samansatt og samarbeider tett med andre kommunale instanser. Mykje av arbeidet er ambulant. 

Arbeids- og utdanningsspesialist er ein stilling for deg som trives med å jobbe med mennesker, liker å vere på farten og motiveres av å sjå konkrete resultat. Ein AUS i eit FACT-team har som hovudoppgåve å hjelpe personer med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblemer med å kome ut i ordinært arbeidsliv, utdanning eller meiningsfulle aktiviteter. Her får du muligheten til å gjøre ein reell skilnad i menneske sine liv - og samtidig bidra til å utvikle eit inkluderande arbeidsliv der alle får bidra med sine ressurser og kompetanse.
AUS inngår som ein del av det tverrfaglege FACT-teamet og bidra med sin kompetanse til å synliggjere viktigheten av arbeid, utdanning og aktiviteter, og fremmer en recovery-orientert tilnærming til dette. AUS innehar ein miljøterapeutisk rolle og yter helsehjelp på line med dei andre teamtilsette.

Psykosepoliklinikken tilbyr eit breitt behandlingstilbod til pasientene våre, i tråd med nasjonale føringar. Det er allereie ansatt AUS i poliklinikken og det er tett samarbeid med NAV og IPS, som er lokalisert på Haugaland DPS.


Kva går jobben ut på?

  • Kartlegge interesser, ressurser og kompetanse hos pasientar og matche dette med aktuelle jobber og utdanningsforløp.
  • Skaffe oversikt over aktuelle tiltak og tilbod i lokalmiljø.
  • Tilrettelegge for jobbsøking, utdanning og praksisplasser.
  • Samarbeide tett med andre behandlere i spesialisthelsetenesta, NAV-veiledere, utdanningsinstitusjonar og arbeidsgivere for åå sikre heilhetlig oppfølging fram mot ordinært arbeid, utdanning og aktiviteter.
  • Vere mykje ute i lokalmiljøet- i møte med arbeidsgivere, utdanningssteder og andre samarbeidspartnere og på denne måten byggje nettverk.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Erfaring med veiledning og oppfølging mot arbeid og/eller aktivitet over tid.
  • Erfaring med FACT-modellen.
  • Ønskeleg med helsefagleg bakgrunn. 
  • Det vil vere ein fordel med kjennskap til/erfaring med arbeidsretta metodikker som Supported Employment og Individuell jobbstøtte
  • Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
  • Førarkort for bil

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • kan tilpassa deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • jobbar målretta og sjølvstendig
  • viser evne til å ta ansvar på eiga hand
  • har ein strukturert arbeidsstil
  • trivst i eit tverrfagleg og aktivt arbeidsmiljø der få dagar er like

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

  • Opplæring i FACT-modellen.
  • Veiledning og opplæring i AUS-rollen.
  • Lønn etter gjeldande avtalar.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

Kontaktinformasjon

Louise Sandve, Funksjonsleiar, +47 52732100

Arbeidsstad

Floravegen 75
5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5074666797
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Louise Sandve

Funksjonsleiar

+47 52732100

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f88f6c64-5683-47b2-b249-39e9047f1b30

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7416c14c73244a4383ab57d50744af75

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Helse og forebygging, Helse, omsorg og sosiale tjenester

Sted

Haugesund