Oralkirurg
ØNH OG KJEVEKIRURGI MOLDE OG KRISTIANSUND, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Oralkirurg
Oppstart
4. desember 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Våren 2025 opnar HMR eit topp moderne akuttsjukehus på Hjelset som då vil bli ny arbeidsstad.
Byen vår, Molde, er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, sykling, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Det meste ligg i ein radius på 10 minutt. Det er fleire daglege flyavgangar til Oslo og Bergen samt internasjonale ruter. Molde by fornyar seg m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestader.
Arbeidsoppgåver
- Hovudsak poliklinisk/dagkirurgisk aktivitet
- Det vert og gitt behandling til innlagde pasientar
- Akutt behandling av til dømes kjeve- og ansiktsskadar
Kvalifikasjonar
- Spesialist i oralkirurgi og oralmedisin med norsk autorisasjon
- Gode norskkunnskapar både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Må trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Personleg eignaheit for stillinga
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), 94426148, Benny.Blomkvist@helse-mr.noArbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4704847255
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.12.2023
Søknadsfrist: 20.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2438824
- Hentet fra
talentech
- Referanse
715c7a48311c44e3b4825461c0c873fb