Spesialist i endodonti ved Kristiansund kompetanseklinikk
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialist i endodonti - Kristiansund kompetanseklinikk
- Type ansettelse
- Fast, deltid 40%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. september
Vi har nyopprettet 20-40% fast stilling som endodontist ved Kristiansund kompetanseklinikk.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er spesialisert kliniske virke med alle pasientgrupper med rettar i den offentlege tannhelsetenesta. Noko administrativt arbeid knytt til henvisningar og rettleiing/rådgiving/undervisning må påreknast.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere tannlege med godkjend norsk autorisasjon og spesialist i endodonti. Søkjar er forventa å ha brei klinisk erfaring.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker ein tannlegespesialist som:
- har god kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- er effektiv og resultatorientert
- har god samarbeidsevne og serviceinnstilling
- ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- blir motivert av å jobbe for og med menneske
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Ny og moderne tannklinikk
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Fosnagata 126509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5172097992
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Tone Nord
Fylkestannlege
95468500
Sara Rutley
Overtannlege Kristiansund kompetanseregion
93050553
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
- Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
- Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f837db46-6270-4b29-8d2e-8fd9015878ab
- Sist endret
1. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9dd622ea00204a7fb6b876a603de30c4