Ferievikarar drift og vedlikehald
Tysnes Kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar drift og vedlikehald
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Trivast du med praktisk arbeid og mykje frisk luft? Då kan ein sommarjobb i driftsavdelinga til Tysnes kommune vere noko for deg!
Eining for drift og vedlikehald søkjer etter 4-5 ferievikarar for sommaren 2025 til uteseksjonen/driftsavdeling.
Du må vere over 16 år, og ha høve til å arbeide minst 4-6 samanhengande veker i perioden veke 25 - 34. Skriv gjerne i søknaden din kva veker du er tilgjengeleg for å arbeide.
Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så me oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Kva stillinga går ut på
- Vedlikehald av kommunen sine grøntanlegg
- Utandørs vedlikehaldsarbeid knytt til kommunale bygg
- Anna førefallanda arbeid
Kva kompetanse me søkjer etter
- Relevant erfaring med praktisk arbeid
- Sertifikat kl B er ein fordel, men ikkje eit krav
- Søkjarar til uteseksjonen må handtere enkle maskinar eks. grasklypparutstyr
- God norskforståing, skriftleg og munnleg
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Kva me ser etter hos deg
- Du kan jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og serviceinnstilt
- Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel og har godt humør
- Du er motivert og ansvarsfull
Kvifor skal du velga oss?
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted