Fibermontør
Tussa
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda, Fløvegen 170, 6065 Ulsteinvik, Tonningsgata 27, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fibermontør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Tussa Installasjon
Tussa Installasjon AS er eit dotterselskap i konsernet og har over 100 tilsette. Selskapet har gjennom ei årrekkje opparbeidd seg eit solid fundament av kompetanse og lokalkunnskap. Vi er opptekne av å levere miljøvenlege løysingar som stettar krava i dag, og dei moglegheitene vi får i framtida. Faget vårt er i rivande utvikling, og vi legg stor vekt på å ha oppdatert kunnskap om morgondagen sine løysingar. Selskapet leverer tenester innan dei aller fleste elektrotekniske fagområda som t.d. sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data både til den private og industri/næringsmarknaden.
Tussa Installasjon har avdelingar i Ørsta, Fosnavåg, Ulsteinvik og Stryn.
FIBERMONTØR
Tussa Installasjon er i vekst og har ledig stilling som FIBERMONTØR, med oppmøtestad Ørsta, Ulsteinvik eller Stryn.
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Alle typar fiberinstallasjonar innan industri, næring og bustad
- Feilretting
Anna arbeid i verksemda må periodevis påreknast
Kvalifikasjonskrav
- Brei erfaring frå montasje og feilretting av fiberinstallasjonar
- Fagbrev gruppe L/ Telekommunikasjonsmontør EKOM er en fordel
- Førarkort kl. BE
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi kan tilby
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar
- Utviklande arbeidsoppdrag med stor grad av sjølvstende
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om bedriften
Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med om lag 300 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon.
Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta - i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar. innanfor kraftproduksjon, IKT og installasjon.
Sektor
Privat
Nettsted