Stipendiat i protein bioinformatikk
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i protein bioinformatikk
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 15. juli
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i protein bioinformatikk
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i protein bioinformatikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmeande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
PhD-prosjektet vil bli gjennomført i forskingsgruppa ledet av Prof. Nathalie Reuter (UiB) ved Kjemisk institutt og Computational Biology Unit. Stillinga er knytt til prosjektet Life at the Periphery: the workings of proteins at the surface of cell and organelle membranes, finansiert av Norges Forskningsråd. Prosjektet er eit samarbeid med gruppene til Anne-Calude Gavin (Universitetet i Genève, Sveits) og dr. Sergei Grudini (Universitetet i Grenoble og CNRS, Frankrike).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Målet med prosjektet er å undersøke sekvens- og strukturmønstre som ligger til grunn for lipidselektiviteten til lipidoverføringsproteiner. Prosjektet vil utnytte den store mengda tilgjengelege proteinsekvens- og strukturdata gjennom analyser ved hjelp av strukturell bioinformatikk og molekylære modelleringsverktøy, og bygge videre på og vidareutvikle datasettane og kodene fra PePrMInt-prosjektet (Cf. https://doi.org/10.1371/journal.pcbi.1010346).
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i berekningskjemi eller berekningsbiologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå protein bioinformatikk er eit krav.
- Gode ferdigheiter i programmering er eit krav.
- Erfaring i data analyse og maskinlæring er ein fordel.
- Erfaring frå molekylmodellering eller molekyldynamikk-simuleringar er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forkarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Nathalie Reuter nathalie.reuter@uib.no">28nathalie.reuter@uib.no" rel="nofollow">(nathalie.reuter@uib.no), Kjemisk institutt, UiB, eller professor Odd André Karlsen odd.karlsen@uib.no">28odd.karlsen@uib.no" rel="nofollow">(odd.karlsen@uib.no), Institutt for biovitenskap, UiB.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Anna Folgerø (anna.folgero@uib.no), UiB
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f7e286c6-33a6-45b0-bced-26ac8e240a69
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254638