Avdelingsoverlege medisin
Avdeling somatikk Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsoverlege medisin Odda sjukehus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. november
Vil du vere med å forme framtida for eitt av Norges mest unike lokalsjukehus?
Ved Odda sjukehus har vi no ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med fagleg leiarskap. Vår avdelingsoverlege går av med pensjon, og vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert spesialist som vil ta stafettpinnen vidare. Som avdelingsoverlege blir du ein sentral pådrivar for fagutvikling, kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som du får vere ein del av eit tett og inkluderande fagmiljø på tvers av profesjonar.
Her får du påverke utviklinga av medisinske tenester ved eit moderne lokalsjukehus med viktige akuttfunksjonar og sterke tradisjonar. Du vil få ei viktig rolle i rekruttering, utdanning og fagutvikling, og vere ein sentral fagleg rådgivar for leiinga.
I Odda får du høve til å kombinere spennande medisinsk arbeid med ein unik livsstil. Her har du nærleik til fjord, fjell, ski og friluftsliv året rundt. Trolltunga, Folgefonna og Hardangervidda ligg rett utanfor døra. Samstundes blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av spesialitetar.
Vi ønskjer deg som ser moglegheiter, tek ansvar og vil vere med å vidareutvikle framtida for medisinske tenester ved Odda sjukehus.
Kva går jobben ut på?
- Medisinskfagleg rådgiving til avdelingsleiing og klinikkleiing.
- Medverke til strategisk utvikling av medisinsk teneste ved Odda sjukehus.
- Delta i leiarmøte og bidra til utvikling av robuste pasientforløp.
- Fagutvikling og oppfølging av overlegar og LIS-legar, og bidra til framtidig rekruttering.
- Bidra til god utdanning, supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering.
- Sikre kvalitet og pasienttryggleik gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid.
- Delta i klinisk arbeid, vakt og beredskap etter avtale.
- Samarbeide tett med fagmiljø i Haugesund og andre sjukehus i regionen.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege.
- Spesialist i indremedisin eller relevant grenspesialitet.
- Erfaring frå sjukehusdrift, erfaring med akuttmedisin er ønskjeleg.
- Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
- God forståing for organisasjon, samhandling og kvalitetsarbeid.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er fagleg sterk og utviklingsorientert
- har gode samarbeidsevner og skapar tillit
- tek ansvar og bidrar til å finne løysingar
- er engasjert i rekruttering og kompetansebygging
- trivst med både klinisk arbeid og leiingsoppgåver
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ei sentral rolle i eit framtidsretta lokalsjukehus.
- Moglegheit til å påverke utviklinga av medisinske tenester i området.
- Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar.
- Sterkt samarbeid med fagmiljø i Haugesund og resten av Helse Fonna.
- Tilrettelegging for fagleg utvikling, kurs og vidareutdanning.
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.
- Hjelp til å finne bustad, og ved behov støtte til å sjå på jobb moglegheiter for partnar og skule/barnehage for barn.
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter.
Kontaktinformasjon
John Conrad Brandsø, Klinikkdirektør, +47 40238776, john.conrad.brandso@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5155812266
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f7c7ba4b-72a8-47e6-97c0-2030a95cc2af
- Sist endret
19. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a6f014ed39e74a95adaff2546d239b55