Hopp til innhold

100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Helse- og omsorg

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. november

Verksemdsleiar - Omsorgstenesta Aust

Arbeidsstad: Kinsarvik
Stillingsstorleik: 100 % fast stilling


Vil du vere med og forme framtidas omsorgstenester i Ullensvang kommune?

Me søkjer ein trygg, tydeleg og engasjert verksemdsleiar til Omsorgstenesta Aust i Kinsarvik. 

Dette er ei spanande leiarstilling for deg som trivst med å kombinere dagleg drift med langsiktig og strategisk arbeid. Du får høve til å leie dyktige medarbeidarar, sikre gode tenester og vere med på å forme omsorgstilbodet i åra som kjem.

Omsorgstenesta Aust er ei samordna verksemd som omfattar både sjukeheim og heimebaserte tenester, med om lag 60 tilsette. Verksemda er organisert med to avdelingsleiarar, som saman med verksemdsleiar utgjer den lokale leiinga.

Som verksemdsleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, kvalitet, økonomi, drift og personal. Du rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Som del av leiargruppa vil du også bidra til den samla retninga for helse- og omsorgstenestene i kommunen.

Ei viktig oppgåve framover er realiseringa av nye Bråvolltunet. Som verksemdsleiar vil du få ei aktiv rolle i prosjektet og høve til å påverke meir enn sjølve bygget. Du vil bidra til korleis me organiserer tenestene, nyttar kompetansen og legg til rette for gode arbeidsformer og tenester. Me ser etter ein leiar som ønskjer å vere tett på denne utviklinga og som klarer å få medarbeidarane med seg på vegen.


Arbeidsoppgåver og ansvarsområde
Som verksemdsleiar vil du mellom anna:

  • ha overordna ansvar for fag, kvalitet, økonomi og personal

  • leie verksemda saman med avdelingsleiarane

  • sikre gode, forsvarlege og samordna tenester til brukarane

  • sikre god økonomistyring og best mogleg bruk av ressursane

  • arbeide systematisk med kvalitet, pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring

  • arbeide strategisk med rekruttering, kompetanse og sterke fagmiljø

  • sikre god samhandling internt i helse- og omsorgstenesta og med brukarar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar 

  • bidra aktivt i kommunalsjefen si leiargruppe og i den samla utviklinga av helse- og omsorgstenestene

  • følgje opp ansvar og oppgåver i samsvar med kommunen sitt delegasjons- og økonomireglement

  • ha ei sentral rolle i planlegginga og realiseringa av nye Bråvolltunet


Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse- og omsorgsfag

  • relevant leiarerfaring

  • god forståing for økonomi, drift og personalleiing

  • kjennskap til kommunale helse- og omsorgstenester og relevant lovverk

  • god digital kompetanse

  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg


Det er ein fordel om du har:

  • leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning

  • erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester

  • erfaring med endrings- og utviklingsarbeid

  • erfaring med prosjektarbeid, organisasjonsutvikling eller utvikling av nye tenestemodellar

Anna relevant utdanning og erfaring kan bli vurdert.


Kven ser me etter?

Me ser etter deg som er trygg i leiarrolla og evnar å vere tydeleg når det trengst. Du byggjer tillit, involverer medarbeidarane og legg til rette for at kompetansen i organisasjonen vert brukt på ein god måte.


Me legg særleg vekt på at du:
  • inkluderer og skaper gode relasjonar

  • skaper engasjement og legg til rette for læring og utvikling

  • ser heilskap og kan tenkje både strategisk og langsiktig

  • er nysgjerrig på nye løysingar og ser moglegheiter i endring

  • tek initiativ, prioriterer og har god gjennomføringsevne

  • arbeider strukturert og målretta

  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og tenester

  • står stødig i ein kompleks kvardag og evnar å ta avgjerder

Personlege eigenskapar og leiareigenskapar vil bli tillagde stor vekt.


Kvifor velje denne stillinga?

Hos oss får du ei leiarstilling med både ansvar og påverknadskraft. Du får leie ei viktig teneste i det daglege, samtidig som du får høve til å setje preg på nye Bråvolltunet og korleis omsorgstenestene på Aust skal organiserast framover.

Me tilbyr:
  • ei spanande og sentral leiarstilling med stort handlingsrom

  • samarbeid med dyktige avdelingsleiarar og engasjerte medarbeidarar

  • deltaking i kommunalsjefen si leiargruppe

  • eit fagområde i utvikling, med varierte og meiningsfulle oppgåver

  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • løn etter lokal avlønningsmodell for leiarar

  • fleksibel arbeidstid

  • gode pensjons-, forsikrings- og permisjonsordningar


Andre krav

  • politiattest i samsvar med gjeldande lovverk må leggjast fram før oppstart

  •  

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Dagrun Myrland

    +47 92640046

    dagrun.myrland@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6524b4f5-7135-4e53-8d26-849843432d45

    Sist endret

    19. oktober 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3671141_189353_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser