Hopp til innhold

Vikarlege ved Herøy Legesenter

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Avdeling for legetenester

Sted

Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Vikarlege ved Herøy Legesenter
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vi søker ein engasjert og dyktig fastlege til vikariat for perioden 1.juli 2026 - 30.juni 2027. Stillinga kan gje høve til fast tilsetting. 

Herøy legesenter har dei siste åra hatt stabil fastlegedekning, og starta 2025 med faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har ofte ein LIS1-lege, og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim.

Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom jamlege legemøter kvar veke og internundervisning kvar månad. Alle ALIS-legane får rettleiing kvar veke med spesialist i allmennmedisin. Som vikar får du ansvar for ei fastlegeliste med listetak på inntil 800 personar. Legane eig og driv legesenteret, og som næringsdrivande får du ein svært gunstig legeavtale. Vi søkjer primært etter ein lege som vil arbeide på næringsdrift, men andre driftsformer kan diskuterast.
I tillegg til Herøy legesenter, har vi Myrvåg legesenter og ein solopraksis ved Fosnavåg helsehus. Herøy legesenter har seks fastlegeheimlar og ei stilling for LIS1. Vi har eigne sjukeheimslegar.

Vi deltek i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Denne er bemanna med erfarne sjukepleiarar og ambulansearbeidarar. Det er omlag 35 legar som deler på vaktene. På dagtid helg og kveld, er det alltid to legar på vakt. På natt er det ordning med bakvakt for dei som ikkje har sjølvstendig kompetanse som bakvakt. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar som er med på alle oppdrag. Dette sikrar at vi unngår at legar jobbar åleine.

Les plan for legetenesta vår. 

Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt. Det ligg 47 kilometer frå Herøy legesenter og 9 kilometer frå legevakta i Hovdebygda.


Arbeidsoppgåver

  • Vanlege fastlegeoppgåver (med tenestene som følger av Forskrift om fastlegeordningen i kommunene).
  • Deltakar i interkommunal legevakt etter gjeldande avtalar.
  • Kommunale oppgåver kan verte aktuelle.

Kvalifikasjonar

  • Du må oppfylle vilkåra i Forskrift om kompetansekrav for legar.
  • Det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men det er ikkje eit krav.
  • Du må ønske å bidra i eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen.
  • Du må legge fram godkjent politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn tre månader) før oppstart.
  • Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.
  • Har god evne til å bruke norsk både skriftleg og munnleg framstilling.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Trivst i rolla som fastlege, og likar pasient oppfølging.
  • Du møter innbyggjarane som einskildindivid, slik du sjølv ynskjer å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp.
  • Du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe saman med andre, men kan også jobbe sjølvstendig.
  • Du vil vere med å utvikle legetenesta i kommunen, og stiller gjerne opp og er til støtte for kollegaer.
  • Du ser verdien i å samarbeide med andre tenester, for å finne gode løysingar til det beste for pasientane.
  • Har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Eit vikariat på 1 år, der næringsdrift er føretrekt driftsform, men der fastløn kan vurderast.
  • Hjelpepersonell med lang erfaring.
  • Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvart 14. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt, helge- og nattevakter
  • ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning.
  • 8:2-avtalar for næringsdrivande (jamfør SFS 2305) der kommunen dekker ein del av kostnadane.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.  

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen (kommunalt tilsett) kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Kontaktinformasjon

Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 41200794, jan.magne.remoy@heroy.kommune.no

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11
6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5064858862
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Jan Magne Remøy

Kommuneoverlege

+47 41200794

jan.magne.remoy@heroy.kommune.no

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7c45aa5-0c50-4957-8026-7bcd3ffdbc96

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3957ec1b85de408aa6f033fd36ec764c

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune

Sted

Ørsta

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon grøn

Sted

Fosnavåg