Hopp til innhold

Heimetenesta

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Heimetenesta

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

 

Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert  sjukepleiar/vernepleiar!

Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Vi søkjer akkurat deg som er:

Omsorgsfull - Raus - Engasjert - Lojal 

og har:

Humor - Livsglede - Mot

 

Kva får du hos oss?

Som vår nye kollega vil du kunna få 100% stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hjå oss vil du òg ha gode pensjons– og forsikringsordningar. Du får høve til å søkje startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. 

Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!

Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!

Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen

 

Kven er så du?

Du har autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdier; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.

Viss du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!

 

Anna:

Om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, så oppmodar vi sjukepleiarstudentar som er ferdig våren -26 til å søkje.

Sjukepleiar og spesialsjukepleiar i fast turnus er løna kr 35 000,- pr. år over gjeldande tariff

Vernepleiar og spesialvernepleiar i fast turnus er løna kr 25 000,- pr. år over gjeldande tariff.

25% av stillinga er knytt til timebank

 

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

 

Kontakt:

Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7a2644a-a934-44d7-84e3-9c897bb0777d

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3586075_194035_nn

Lignende annonser

Sjukepleiar i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Heimetenesta

Sted

Straume

Sjukepleiar, 100% vikariat

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Skogsvåg

Vernepleiar/ sjukepleiar 100 % vikariat

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad

Sted

Øygarden

Helgestilling 20% fast

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Lyngheia bufellesskap

Sted

Straume