Har du lyst til å vere ferievikar i Bu og habilitering i sommar?
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Bømarka 8, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Har du lyst til å vere ferievikar i Bu og habilitering i sommar?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Vi søkjer etter deg som har fylt 18 år og har lyst på ein meningsfull sommerjobb i Bu og habilitering. I tidsrommet 16. juni - 10. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i Bu og habilitering i Volda kommune. Vi treng vikarar ved Sevrinhaugen 1 og 3, Kleppevegen/ Doktorhaugen, Bømarka/ Schjelderup, og ved Verslavegen 2 i Hornindal. Ved Blåbærhaugen treng vi også vikarar til ulike bu- og avlastningstiltak for barn og unge med utviklingshemming. Det er i tillegg behov for vikarar i dagtilbodet ved Hamna dagsenter.
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeids stad.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, sjå lenke: https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad_om_kompetansemidlar_til_utdanning
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid og praktisk bistand for vaksne med utviklingshemming, og andre hjelpebehov
- Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar
- Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og
brukarmedverknad vert ivaretatt - Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg.
Kvalifikasjonar
Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar
- Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
- Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
- Relevant praksis er ynskjeleg
- Førarkort klasse B
- Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest, og eigenerklæring i høve
tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ta ansvar
- Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
- Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
- Vere løysingsorientert og ha gode haldningar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS -
MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag
og medisin:
- Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn
høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*) - Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn
høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) - Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
- Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av
engasjementet.
Kontaktinformasjon
Gry Egset Eriksen, Konst, seksjonsleiar Bømarka, 48132243, gry.egset.eriksen@volda.kommune.noVilde Nilsvik, Seksjonsleiar Blåbærhaugen, 96048363, vilde.nilsvik@volda.kommune.no
Monika Mierzejewska, Sekjsonsleiar Kleppevegen / Doktorhaugen, 90891358, monika.mierzejewska@volda.kommune.no
Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, livliv.bente.grothaug@volda.kommune.no
Annette Vatne, Seksjonsleiar Sevrinhaugen, 94854243, Annette.Vatne@volda.kommune.no
Ivar Sørgård, Seksjonsleiar Verslavegen, 48146839, ivar.sorgard@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Bømarka 86100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4895235095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Monika Mierzejewska
Sekjsonsleiar Kleppevegen / Doktorhaugen
90891358
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814443
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bdd0a6e00a994babadd0fb6e2ece6f15