Hopp til innhold

Vikariat, fagarbeider 58% på Rubinstep

Arbeidsgiver

Gvarv skole, Rubinstep

Sted

Tinghaugvegen 1, 3810 Gvarv

Om jobben

Oppstart
1. mars 2027
Stillingstittel
Vikariat, fagarbeider 58% på Rubinstep
Type ansettelse
Vikariat, deltid 58%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. november

Velkomen til Gvarv skule, avdeling Rubinstep.
Rubinstep er ein forsterka eining med skule- og SFO-tilbod for barn med ulike funksjonsvariasjonar i Midt-Telemark kommune.

Rubinstep er eit tilbod for grunnskuleelevar (1.-7. trinn) som har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. Elevane på Rubinstep har ulike funksjonsvariasjonar og har behov for tettare oppfølging i kvardagen sin. På bakgrunn av dette treng dei eit strukturert skuletilbod som tilpassast individuelt til kvar enkelt elev! Elevane som har sitt skoletilbod knytt til Rubinstep har også tilhøyring i ein ordinær klasse ved skulen og deltar i klassen i varierande grad etter føresetnader og behov.

Det skal arbeidast kontinuerleg med inkludering og dagleg samarbeid med elevane sine klassetrinn og SFO.

I tillegg har avdelinga eigne samlingar og aktivitetar, arbeidsøkter, fysisk aktivitet, ADL-trening og turar i nærmiljøet, m.m.

På Rubinstep arbeider vi i fagrupper rundt kvar enkelt elev (pedagog/spesialpedagog, primærkontakt og fagarbeider 1-2), der vi tar utgangspunkt i den enkelte elevs ressursar og moglegheiter. Det vil alltid arbeidast for å gi elevane best mogleg vilkår for optimal livskvalitet, kommunikasjon, samspel og deltaking i sitt eige liv.

Stillinga gjelder både SFO og skoledelen på Rubinstep, Gvarv skole.

Arbeidsoppgåver

På Rubinstep vil du møte følgende arbeidsoppgaver:

  • Ansvar for samarbeid i elevenes faggruppe(r), både faglig og sosialt.
  • Oppfølging av enkeltelev i skole og SFO, arbeide ut fra sakkyndig vurdering og IOP i samarbeid med pedagog, team og avdelingsleder.
  • Veilede enkeltelever, familie og andre tilsette.
  • Samarbeide med og veilede andre tilsette i faggruppa rundt elevane.
  • Tilrettelegging av miljøet for å etablere gode og strukturerte opplæringssituasjonar.
  • Delta i samarbeid med institusjonar og andre aktuelle instansar rundt elevane, også kontaktlærarar i elevane sine ordinære klasse og SFO.
  • Utføre nødvendig pleie og stell.
  • Arbeide etter SFO sin rammeplan.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeider / spesialpedagog 
  • Aktuell erfaring som assistent i skole /barnehage kan kompensere for utdanningskravet. 
Ønska kompetanse
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer
  • Erfaring med ASK, tegn til tale
  • Gode digitale ferdigheter
  • Evt. anna relevant kompetanse
Særskilde krav
  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Personlege eigenskapar

    Vi ønsker deg som:

    • Er engasjert, tålmodig og omsorgsfull, og trivst med å jobbe med menneske.
    • Er god til å etablere nær tilknyting og trygg relasjon med barn.
    • Er ein varm og sensitiv vaksen og likar å vere i leik og aktivitet uansett ver.
    • Er synleg, tydeleg og motiverande for at elevane skal ha ei best mogleg kvardag.
    • Ser elevane sitt behov, er kreativ, løysingsorientert og lojal.
    • Ser kva som må gjerast og tar initiativ til å løyse ulike arbeidsoppgåver, både sjølvstendig og i team (faggruppe).
    • Er open for læring, råd og rettleiing og bidrar aktivt med konstruktive innspel.
    • Er motivert og engasjert når du er på jobb.
    • Er fleksibel, presis og påliteleg. Må påberekne omdisponering til skule og SFO ved behov.
    • Kan vere robust, og klare å stå i utfordrande situasjonar.
    • Evne til å mestre ein hektisk kvardag.
    • Aktiv og positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.
    • Personlege eigenskapar vektlegast.

    Vi tilbyr

    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

    Kontaktinformasjon

    Cecilie Støa Andersen, Avdelingsleder SFO og Rubinstep, +47 97490759, cest24122@mt.kommune.no

    Arbeidsstad

    Tinghaugvegen 1
    3810 Gvarv

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5198512452
    Stillingsprosent: 58%
    Vikar
    Startdato: 01.03.2027
    Sluttdato: 31.12.2027
    Søknadsfrist: 25.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Cecilie Støa Andersen

    Avdelingsleder SFO og Rubinstep

    +47 97490759

    cest24122@mt.kommune.no

    Om bedriften

    Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f74a3583-eeed-4001-88f1-37ee22c7039b

    Sist endret

    12. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    845c76084a2f4278a1f245a21cdc20e3

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser