Helsefagarbeidar
Mikkjelsflaten omsorg
Rokabrekka, 5610 Øystese
Om jobben
- Oppstart
- 14. september 2026
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 65%
- Arbeidstid
- Turnus
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
- Me søkjer helsefagarbeider i 65% vikariat
- Stillinga er ledig frå 14.09.2026
- Turnus med arbeid kvar 3.helg
Mikkjelsflaten omsorgsbustader ligg fint til i Rokabrekka i Øystese og er organisert under tenester for heildøgns omsorg. Det er kort avstand til tilboda i Øystese sentrum.
På Mikkjelsflaten er det 16 enkle bustader og 6 bustader som er tilegna ektepar. Det er i hovedsak eldre bebuarar med heildøgns hjelpebehov.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg arbeid i avdelinga med bebuarane
- Tverrfagleg samarbeid med hjelpemiddellager, fysioterapi- og ergoterapitenesta
- Kommunikasjon og samarbeid med brukarar og pårørande
- Primæransvar for bebuarar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg(Tilsvarande B2)
- Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Engasjert og positiv
- Fleksibel og løysingsorientert
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
- Interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar
- Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Her kjem du til eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer
- Du får utfordringar og moglegheit til å utvikla deg fagleg
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/ og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Linn Barane-Birkeland, Gruppeleiar Tolo omsorg og Mikkjelsflaten, +47 902 54 038Arbeidsstad
Rokabrekka5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5168054469
Stillingsprosent: 65%
Vikar
Startdato: 14.09.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Linn Barane-Birkeland
Gruppeleiar Tolo omsorg og Mikkjelsflaten
+47 902 54 038
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f7106498-efc2-44bd-9003-437523ee7a24
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67847f8c5bf84e0c88684ec7f82b6b76