Har du tru på at alle menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb?
Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)
Møllendalsveien 6, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
IPS jobbspesialist region Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. juli
Blir du motivert av beskrivinga over, kan du vere den vi leiter etter! Nav Bergen Sentrum har eit pulserande og nyskapande miljø, og IPS Bergen har no ledig ein fast stilling som IPS-jobbspesialist.
Om individuell jobbstøtte
Individuell jobbstøtte (IPS) er ein modell/metode for tett oppfølging av personar med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, og behalda og stå i ordinær utdanning og/eller lønna arbeid.
Eit stort fagmiljø og variert arbeidskvardag
IPS Bergen består av 22 jobbspesialistar som er tilsett i Nav. Det er eit stort engasjement i avdelinga og ein er opptatt av nå måla som er sett. I tillegg er det jobbspesialistar som er tilsett i Bergen kommune, som også er ein del av fagmiljøet. Stillingen vil ha sitt tilsettforhold ved Nav Bergen Sentrum, men vil vere knytt til ulike distriktspsykiatriske senter (DPS) i Bergen. Du vil ha eit kontorstad på eit av disse sentrene ut i frå behov, men arbeidskvardagen vil vere variert og bestå av møter og jobbutvikling også utenfor kontoret.
I søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga, samt at du får fram kunnskapen din om individuell jobbstøtte.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgivarar
- Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
- Vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgivarar (65% av arbeidstida)
- Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt kople det med riktig utdanning/jobbar
- Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
- Engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgivarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
- Gi støtte til ulike IPS team
- Dokumentere arbeidet i fagsystem
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring med IPS-metodikk (erfaring med Supported Employment-metodikk kan og vere aktuelt)
Det er også ønskeleg at du har:
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
- erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging
- god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
Vi ser etter deg som
- Kommuniserer godt og bygger trygge relasjonar med ulike menneske
- Er god til å motivere og inspirere
- Har god oversikt, prioriterer godt og handterer uventa hendingar
- Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- Er sjølvgåande, fleksibel og har sterk gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjera ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Eit godt fagmiljø med fokus på tenesteutvikling og ambisiøse mål
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Gode og inkluderande kollegaer og godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillingskode 1434 rådgivar i lønnsspenn frå kr. 540 000 til kr. 634 000,- per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Aina Merete Steinsland, Avdelingsleiar IPS Bergen, +47 913 64 345, aina.merete.steinsland@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4988416497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f702d7c4-c1a6-411d-8ac6-faae4f20d273
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc0d8012228b43848193557af66dee30