Hopp til innhold

Psykiater 

Arbeidsgiver

Klinikk PH barn, unge og rusavhengige, Engelsvoll, Helse Stavanger HF

Sted

Engelsvollveien 111, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Psykiater - Engelsvoll
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø der du får bruke breidda i psykiatrifaget og samtidig vere nær pasientane over tid?

Avdeling for unge vaksne og flyktningar (AUVF) er ein del av Klinikk for psykisk helsevern for barn, unge og rusavhengige (PHBURA), og består av fleire einingar: Engelsvoll, Gausel post og poliklinikk, Jobb-/skuleresept og Transkulturelt senter.

AUVF tilbyr spesialisert utgreiing, behandling og rehabilitering til pasientar i alderen 16–30 år. Avdelinga har eit differensiert behandlingstilbod som omfattar polikliniske og ambulante tenester, døgnbehandling og aktiv rehabilitering. For meir informasjon, sjå www.sus.no.

Engelsvoll har 14 døgnplassar og ei integrert poliklinikk knytt til døgneininga. Målgruppa er unge vaksne i alderen 18–30 år med psykoselidingar og samtidig rusmiddelproblem (ROP-liding), som har behov for langvarig spesialisert behandling og rehabilitering. Eininga tilbyr brukerstyrte innleggingar for kjende pasientar. Fem av døgplassane er tilpassa pasientar der rusproblem er ein særleg kompliserande faktor i tillegg til psykoseliding.

Behandlings- og rehabiliteringsarbeidet ved Engelsvoll er basert på recoveryorienterte og miljøterapeutiske prinsipp. Fysisk aktivitet og friluftsliv inngår som ein del av behandlingstilbodet, saman med ulike former for arbeidstrening og aktivitetsterapi. Det blir gitt behandling av psykologspesialist og psykiater, i tillegg til tilbod frå sosionom, musikkterapeut, aktivitør og fagarbeidarar.

Engelsvoll har eit tett og strukturert samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar.

Attestar, vitnemål og eventuelt anna relevant dokumentasjon må leggjast ved søknaden.


Arbeidsoppgaver

  • Medisinskfagleg ansvar og behandlarrolle for pasientar knytt til Engelsvoll.
  • Initiere, planleggje, gjennomføre og følgje opp utgreiing, behandling og rehabilitering i tråd med gjeldande faglege retningslinjer.
  • Tett tverrfagleg samarbeid med miljøterapeutar og øvrig behandlarstab.
  • Delta aktivt i vekentlege tverrfaglege behandlingsmøte og teammøte.
  • Deltaking i inntaksteam og gjennomføring av forvernsamtalar.
  • Medisinskfagleg og juridisk ansvar knytt til tvungent psykisk helsevern (TPH), inkludert vedtak, dokumentasjon og oppfølging av pasientar underlagt TPH.
  • Delta i ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Medisinskfagleg rådgjevar for einingsleiar og bidragsytar i fagfellesskapet.
  • Bidra til undervisning, rettleiing og fagutvikling i eininga.
  • Medverke til eit godt og profesjonelt samarbeidsklima både internt og eksternt.

Kvalifikasjoner

  • Spesialist i psykiatri, eller lege i spesialisering med gjennomført spesialistløp og nært føreståande godkjenning.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • God klinisk erfaring frå psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta er ønskeleg.
  • Erfaring med arbeid retta mot unge vaksne og personar med psykoselidingar og/eller ROP-lidingar er ein fordel.
  • Kunnskap om og erfaring med tvungent psykisk helsevern (TPH) og tilhøyrande regelverk er ønskjeleg.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og arbeid i team.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både i pasientarbeid og i samarbeid med pårørande og eksterne instansar.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, med samtidige høge krav til faglig kvalitet og dokumentasjon.
  • Gode norskkunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere som har annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått norsktest på C1 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden. Ved ansettelse av allerede fast ansatt i foretaket kan en unntaksvis, i særlige tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på C1-nivå

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra konstruktivt i tverrfagleg team.
  • Trivst med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar i ein kompleks klinisk kvardag.
  • Arbeider strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne og god arbeidskapasitet.
  • Er tålmodig, løysingsorientert og fagleg nysgjerrig.
  • Har god relasjonskompetanse og evne til å skapa tryggleik og tillit i møte med pasientar og samarbeidspartnarar.
  • Viser fagleg engasjement og vilje til kontinuerleg læring og utvikling.

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt arbeid i eit kompetent, tverrfagleg og engasjert fagmiljø.
  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan psykisk helsevern for unge vaksne.
  • Moglegheit til å bli godt kjend med pasientane og deira pårørande, og til å arbeide med kontinuitet over tid.
  • Rammer som gir høve til å nytte tilstrekkeleg tid i møte med den enkelte pasient.
  • Forutsigbare arbeidsdagar med moglegheit for fleksitid.
  • Tett samarbeid med øvrig behandlarstab, fagstab, leiarar og administrative støttefunksjonar.
  • Eit sjukehus med utstrekt forskingsverksemd, der det kan leggjast til rette for forsking også i tilknyting til arbeid ved Engelsvoll.
  • Eit raust og inkluderande arbeidsmiljø med høg grad av samarbeid og kollegial støtte.
  • Løn etter gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom offentleg tenestepensjon.
  • Gode velferdsordningar, mellom anna lokal turgruppe og bedriftsidrettslag.
  • Arbeidsstad i vakre omgjevnader i Klepp kommune, med gangavstand til tog og buss.

Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Det gis rekrutteringstillegg som sikrar søkjarar eit tillegg på kr. 100 000 over tarifffesta grunnløn. 

Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Gunhild Aase, Avdelingssjef, 90060527, liv.gunhild.aase@sus.no
Aline Soland Thu, Avdelingsoverlege, aline.soland.thu@sus.no

Arbeidssted

Engelsvollveien 111
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Stavanger HF

Referansenr.: 5113447379
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Aline Soland Thu

Avdelingsoverlege

aline.soland.thu@sus.no

Liv Gunhild Aase

Avdelingssjef

90060527

liv.gunhild.aase@sus.no

Om bedriften

 

Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus, har ansvar for spesialisthelsetjenesten i Sør-Rogaland. Med nærmere 8000 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, pasientopplæring og forskning er våre hovedoppgaver. Les mer på www.helse-stavanger.no. 

Helse Stavanger HF skal så langt som mulig gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi ønsker å rekruttere medarbeidere uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetjenesten.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f6ede332-0851-4013-8a4a-abb804afd00c

Sist endret

15. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1a6d3b0ef26543e2a9f13ffde6410290

Lignende annonser

Laster lignende annonser