Pedagogisk leiar i Syltebøen barnehage
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar Syltebøen barnehage - Fjord kommune
- Oppstart
- 20. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 9. desember
Fjord kommune har ledig eit vikariat (foreldrepermisjon) i Syltebøen barnehage frå 20. mars 2026 - 31.12.2026. Tidlegare oppstart kan vere aktuelt.
Syltebøen barnehage ligg sentralt til i bygda Valldal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 16 årsverk (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) fordelt på 56 barn.
Barnehagen har to småbarnsavdelingar (0 - 3 år) og to storbarnsavdelingar (4 - 6 år). Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø og god fagleg utvikling
Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Alle barn i barnehagen skal oppleve tryggleik og inkludering og barna skal verte lytta til og takast på alvor.- Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
- Barna skal oppleve vennskap og samhald.
- Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen
Søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiar har ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
- Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
- Medansvar i arbeidet med HMS
- Ta imot og gi pedagogisk veileding
- Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
- Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årstudium i barnehagepedagogikk
- Barne- og ungdomsarbeidar eller andre som er under utdanning til å bli barnehagelærar har og høve til å søkje.
- God datakunnskap
- Erfaring frå arbeid med ASK er ønskeleg
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
- Du har erfaring frå fagområdet, arbeider målretta og engasjere andre.
- Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
- Du har positiv innstilling og godt humør
- Du har god digital kompetanse
- Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
- Lønn i samsvar med avtaleverk, men du er garantert ei årslønn lik 10 års ansiennitet (kr 596 600) om utdanninga er ferdig
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, +47 41867881Arbeidsstad
Olavsgata 106210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5046139938
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Torill Brastad
Styrar Syltebøen barnehage
+47 41867881
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6dc1a12-06a7-4613-b67c-4d42b78f5328
- Sist endret
24. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
691032f346c444c29edde48700daf2c4
Lignende annonser
Barne - og ungdomsarbeidar/assistent Stordal barnehage
Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Sted
Stordal
Arbeidsgiver
Lande FUS barnehage as
Sted
Ørskog
Arbeidsgiver
Lande FUS barnehage as
Sted
Ørskog