Barne- og ungdomsarbeidar i Stordal barnehage
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Vinjehjellane 9, 6250 Stordal
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne - og ungdomsarbeidar/assistent Stordal barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. november
Stordal barnehage har ledig eit 100% vikariat frå dagens dato fram til 31.07.2026.
Stordal barnehage er ei barnehage med omlag 10 tilsette. Barnehagen er heilt vart opna hausten 2019.
Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har tre avdelingar - Rådyrskogen for barn i alderen 3 - 6 år, og Eplehagen og Blåklokke for barn i alderen 0 - 3 år.
Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige.
- Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
- Barna skal oppleve vennskap og samhald.
- Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande før søknadsfrist er ute og eventuelt kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Medansvar i arbeidet med HMS
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
- Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og løysingsorientert – du tek initiativ og finn gode løysingar på utfordringar.
- Erfaren og målretta – du har fagleg tyngde og jobbar systematisk for å nå klare mål.
- Samarbeidsorientert og god på rettleiing – du verdset lagarbeid og støttar andre til å lykkast.
- Engasjert og kreativ med positiv innstilling – du sprer energi og godt humør i kvardagen.
- Digitalt kompetent og ein rollemodell – du er trygg på digitale verktøy og inspirerer andre til å ta dei i bruk.
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Kontaktinformasjon
Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., +47 41867896Arbeidsstad
Vinjehjellane 96250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5043781219
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 28.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Diana Helland
Styrar Stordal Bhg.
+47 41867896
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f5b84942-5537-415d-ac3c-7c8d595e8ff0
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e6bd025a3734931a46316be2cf5a9e7
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Norlandia Høgvoll
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Haram kommune
Sted
Brattvåg
Tilkallingsvikarar - Tresfjord barnehage
Arbeidsgiver
Vestnes kommune Tresfjord barnehage
Sted
Tresfjord