Brannførebyggar
Vågå Kommune Brann/feiervesen
Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Brannforebygger/feier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. april
Vågå brannvesen treng ein brannførebyggar i 100% fast stilling. Vi tilbyr ei spennande stilling, med mange og varierte oppgåver i ein til tider hektisk kvardag. Vi leiter etter deg som har ei solid interesse for faget, som er positiv og utåtvend og som både jobbar godt i team, men som og kan arbeide sjølvstendig.
Vågå brannvesen er i eit samarbeid med Sel brann- og redningsvesen. Det er frå før tilsett 2 brannførebyggarar i Sel, og du vil inngå i eit team med desse. Dette inneber at dykk 3 til saman vil løyse oppgåver i båe kommunar. Din næraste leiar vil vere leiar førebyggande.
ArbeidsoppgåverHovudoppgåvene vil vere å forebygge brann ved feiing og tilsyn med fyringsanlegg, samt gjennom informasjonstiltak og førebyggande brannvern. Dette inneber mykje kontakt med menneske, med mykje utåtvend og oppsøkjande aktivitet, forvaltning av lovverk, bruk av data som arbeidsverktøy og arbeid i høgda.
Andre oppgåver kan leggjast til stillinga, ut frå løpande behov innan brannvesenet i Sel og Vågå.
På sikt vil det også kunne vere mogleg å sjå for seg ei stilling i beredskapsstyrken.
KvalifikasjonarSøkjarar utan sveinebrev kan bli vurdert
Personlege eigenskaparDet vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi forventar at du er:
Tilsetting i eit brannvesen krev uttømande politiattest og god vandel, jf. brann- og eksplosjonsvernloven §18.
KontaktTor-Even Vågheim
Leiar førebyggande
Tlf. 99 58 96 12
E-post: tor-even.vagheim@vaga.kommune.no
Eller
Roar Strand
Brannsjef
Tlf. 90 14 19 75
E-post: roar.strand@vaga.kommune.no
Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknadsfrist: 23. april 2025Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå brannvesen er i eit samarbeid med Sel brann- og redningsvesen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2900641
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f6ceec90-73d7-4789-a488-fec0df2b9953