Hopp til innhold

Pleie og omsorg søkjer

Arbeidsgiver

Aukra kommune Institusjonstenester

Sted

Falkhytten, 6480 Aukra

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % fast stilling x 3
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du bli vår nye medarbeidar? Aukra kommune søker sjukepleiar i fast 100% stilling x 3 ved Aukra Omsorgssenter. Ei av stillingane er plassert på natt.

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen Ferga er gratis og turen tek 10 minutt frå fastlandet. Institusjonen har tre avdelingar og totalt 30 plassar; skjerma avdeling, korttids- og avlastningsavdeling, samt langtidsavdeling. Omsorgssenteret inneheld `og 20 heildøgns omsorgsbustadar og base for heimesjukepleie.

Gruppa med sjukepleiarar utgjer eit sterkt fagmiljø med ulike kompetansar, og det er tett samarbeid med heimesjukepleie. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege.

Alternative turnusplanar er godt innarbeidd og går over 12 veker. Du kan sjølv velgje mellom langvakter og vanlege vakter på helg, eller ein kombinasjon av dette. Turnusplanar blir individuelt tilpassa så langt drifta tillet det. 

Kvalifikasjonar 

  • Offenleg godkjent sjukepleiar
  • God i norsk,  munnleg og skriftleg
  • Interesse for teknologi
  • Relevant erfaring og kunnskap om eldreomsorg 
Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for geriatri
  • Strukturert, løysingsorientert, nytenkande
  • Relasjonsbyggar
  • Fagleg oppdatert
  • Bidragsytar til godt arbeidsmiljø og teamarbeid 
  • God på å prioritere og beslutte
  • Personleg eigna 

Aukra kommune tilbyr 

  • Startlønn 8 års ansiennitet etter Hovudtariffavtalen
  • Stabilitetstillegg (bonusordning)
  • Akuttmedisinsk kurs grunna drift av legevaktsatelitt
  • Støtte til vidareutdanning jfr. Kompetanseplana
  • Nytt omsorgssenter med moderne fasilitetar og teknologi 
Anna

Aukra Omsorgssenter ligg på øya Gossen i Aukra kommune. På Gossen er det mange fine turstiar og flott natur. Vi har også kulturhus med konsertar, kino, svømmebasseng og bibliotek. 

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste 

Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

 https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Aukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f6cbba0a-7ec8-45e6-bab2-ab82a4fd7109

Sist endret

7. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3566629_191795_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser