Hopp til innhold

Skipsfører i sommerrute og ressursgruppe i 2:4-turnus!

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar 2:4, ressurs og sommerrute
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

Vi søker no etter ein skipsførar som vil vere ein del av vår ressursgruppe, i ei fast 2:4 ordning!

I denne stillinga vil du være fast omdisponert til sommarruta i sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord fra ca. mai til og med september. Utanfor sommarsesongen vil du inngå i ressursgruppa i Vestland, der du bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn. 

Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som skipsførar.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og fire veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 98-timars arbeidsavtale. 

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Oppstart juni. 


Arbeidsoppgåver

Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.

Kvalifikasjonar

  • D3-sertifikat.
  • ROC/GMDSS-sertifikat.
  • Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseattest.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
  • Skiftordning: 2 veke på og 4 veker av. 
  • Ein bur om bord når ein er på vakt.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted


5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5105860864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

47887896

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f6bcbf0a-07f1-4f28-8e17-5b57646580c8

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

40751f56c92a48abbc982603a3ae31f4

Lignende annonser

Laster lignende annonser