Er du vår nye ferievikar på legekontoret?
Suldal kommune Helseavdelinga
Eidsvegen 3, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet. Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2026 skal bli fin og lærerik på jobb. Du blir invitert til sommarfesten 2026, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.
Suldal legekontor søkjer sommarvikararSuldal legekontoret søkjer etter sommarvikar for veke 26-33. Me treng deg som er autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent eller medisinstudent, bioingeniørstudent eller helsesekretær. Me ber om at du spesifiserer kva veker du kan/ynskjer å arbeida (minimum fire veker).
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene er varierte, og består av oppgåver i ekspedisjon på legekontoret, mellom anna mottak og vurdering av henvendelser frå pasienter og pårørande, førefallande kontorarbeid, og å bistå legane ved behov. Du må lika å jobba i team, være serviceinnstilt, fleksibel, lojal og påliteleg. Opplæring vil bli gitt.
Andre opplysningar• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
• Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
• Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
• Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
• Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
• Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Kontaktpersonar
Avdelingsleiar Ingrid Grüner, tlf 954 99 501 (Ingrid.gruner@suldal.kommune.no) eller
Einingsleiar Adriaan van Ruiven, tlf: 52 79 23 18 / 454 22 697 (adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no)
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6b04be1-557d-44ef-9fe7-184ece868f46
- Sist endret
17. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574081_203735_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal heimeteneste
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Sted
Sand