På jakt etter ein spennande sommarjobb innan helse og omsorg?
Suldal kommune Suldal heimeteneste
Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet. Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2026 skal bli fin og lærerik på jobb. Me har gode bonusordningar for sommarjobbar for deg som arbeidar i turnus i pleie og omsorg. Du blir invitert til sommarfesten 2026, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.
Suldal heimeteneste søkjer sommarvikararHos oss kan du jobba i heimesjukepleien eller psykisk helse som pleiemedarbeidar eller miljøarbeidar. Me ønskjer deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar og elevar og studentar i alle helse og sosialfag.
Me ser også etter deg som ønskjer å vere sommarvikar til heimehjelpsoppdrag, og som vil jobba med reinhald i tenestemottakaren sin heim. Som heimehjelp kan du søkje etter første året på vidaregåande, uavhengig av kva linje du har gått.
Me treng sommarvikarar i vekene 25-32 (15.06.2026 - 09.08.2026).
Arbeidstid:Arbeid er i turnus med arbeid på dag, kveld, natt og kvar 2. helg. Langvakter på 12,5 timar kan og vera aktuelt.
Hugs å skrive i søknaden kva veker du ønskjer å arbeida.
Kva kan me tilby deg som sommarvikar?- Me vil gi deg god opplæring og støtta deg undervegs
- Faglege og personlege utfordringar
- Me har eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Bonus! Det vart gjeve eit tillegg på 1500 kroner for den fjerde arbeidsveka og deretter 3500 kroner per veke frå den femte veka for ferievikarar i turnusarbeid
- Likar å jobbe sjølvstendig
- Likar teamarbeid der du må løyse utfordringar saman med andre
- Er fleksibel, lojal og påliteleg
- Ønskjer å jobbe innan psykiatrisk eller somatisk heimeteneste med heimesjukepleie, praktisk bistand, miljøarbeid eller dagsenter
- Deg med erfaring frå liknande arbeid
- Du har gode norsk-kunnskapar skriftleg og munnleg.
- Du har førarkort klasse B
- Me vektlegg personlege eigenskapar
- Me føretrekk søkjarar som kan jobba mange veker
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
- Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
- Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2045341-6fdd-4b2d-848d-2b14343b44e3
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574403_203561_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal heimeteneste
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
Sted
Sand
Ferievikarer Nedstrandtunet
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Nedstrandtunet
Sted
Nedstrand