Økonom med interesse for teknologi?
Økonomiteneste, NAV
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Økonom med interesse for teknologi?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
No har du moglegheit til å bli ein del av NAV Økonomiteneste (ØT) på Leikanger – ein framtidsretta arbeidsplass som leverer interne lønns- og rekneskapstenester til heile NAV. Vi har ledig ei fast stilling for den rette kandidaten, kan det vere deg?
ØT er ein framtidsretta arbeidsplass som tek i bruk nye digitale løysingar for å sikre effektive tenester med høg kvalitet. Vi digitaliserer fleire oppgåver på lønnsområdet og førebur innføring av statlege rekneskapsstandardar (SRS). I lag med erfarne og dyktige kollegaer får du moglegheit til å utvikle eit viktig område internt i NAV. Vi ser etter deg som ynskjer å jobbe i skjæringspunktet mellom økonomi og teknologi.
Stillinga vi lyser ut er fast og tilknytt seksjon Lønn, som mellom anna har ansvar for:
- utbetaling av lønn (Unit4)
- attestasjon og kvalitetssikring av reiserekningar (Unit4 Travel & Expenses)
- forvaltning av tidregistreringssystemet (MinWinTid)
- refusjon av foreldre- og sjukepengar for statleg tilsette i NAV
- prosjekt og utviklingsarbeid
- funksjonalitetstilpassingar i våre løysingar
Arbeidsoppgåver
- Kontinuerleg forbetring og effektivisering av arbeidsprosessane våre
- Leverandøroppfølging og systemtilpassingar
- Å delta i eller leie små og store prosjekt
- Lønnsarbeid frå A til Å
- Rådgjeving innan lønn, reise, tid og refusjon
- Oppgåver på reiseområdet
Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi, administrasjon eller jus
- Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Gode digitale ferdigheiter og gjerne kompetanse i Unit4 og MinWinTid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er utviklingsorientert og tek ansvar
- Du ser samanhengar og evnar å jobbe med kontinuerleg forbetring i praksis
- Du jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- Du evnar å prioritere mellom oppgåver og trivast med eit høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner
Du får god opplæring og ein fadder som passar på at du finn deg til rette og kjem godt i gang med oppgåvene dine.
Vi tilbyr
- Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Familievennleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstid
- Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr. 565 900 – 692 400 brutto pr år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka
Kven er vi?
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Kontaktinformasjon
Kari Hilde Skjæret, Seksjonsleiar lønn, 95 98 29 19, kari.hilde.skjeret@nav.noArbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4733111521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2023
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2490389
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9c3e5de6d83443c6ba644655be58c2c4