Rådgiver bevaring
Museumssenteret i Hordaland
Salhusvegen 201, 5107 Salhus
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgiver bevaring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. desember
Om stillinga
Bevaringstenestene er i vekst og utvikling og vi søkjer difor ein strategisk og initiativrik rådgjevar som skal vere med å vidareutvikle og spisse våre bevarings- og konserveringstenester.
Bevaringstenestene er ei avdeling i MUHO (Museumssenteret i Hordaland), eit konsolidert museum med fem avdelingar. Her arbeider 52 dyktige medarbeidarar i faste stillingar, i tillegg til omlag 40 time- og sesongtilsette.
Avdelinga har om lag 14 årsverk fordelt på samlingsforvaltarar og konservatorar med spesialisering innan førebyggjande og direkte konservering av mellom anna tekstil, møblar, metall, glas og keramikk, samt administrativt personale og drift.
Saman med Vestland fylkeskommune skal vi bygge eit nytt samlingssentrum med moderne magasin, flotte konserveringsatelier og kontor.
Vi søkjer deg som er motivert for å arbeide i eit spennande fagmiljø innan direkte og førebyggjande konservering i vekst og utvikling.
Den som tilsetjast vil få ei sentral rolle i å styrke tilbodet vårt, etablere og vidareutvikle kundekontakt, og bidra til å sikre nye oppdrag og samarbeid.
Vi har medarbeidarar frå fleire ulike land, og arbeidsspråket er både norsk og engelsk. Denne stillinga krev gode kommunikasjons-ferdigheiter på norsk.
Arbeidsstad er Salhus (ca. 20 km nord for Bergen sentrum), men stillinga inneber arbeid ute i musea og hos eksterne kundar etter behov.
Det må påreknast reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- Sikre og koordinere tilboda og tenestene slik at det er i tråd med faglege og marknadsmessige behov
- Bidra til å utvikle og vidareutvikle tilboda og tenestene våre
- Identifisere nye marknader og moglegheiter for tenestene våre
- Bygge og vedlikehalde relasjonar med nye og eksisterande kundar
- Bidra til strategisk posisjonering og synleggjering av konserveringstenestene
- Samarbeide tett med fagpersonar og leiing for å sikre kvalitet og relevans i tenestene
- Utarbeide tilbod og delta i tilbodskonkurransar i tett dialog med våre fagpersonar og leiing
Andre aktuelle arbeidsoppgåver:
- Oppdatere og utvikle heimesidene. Bidra til å markedsføre våre tjenester i relevante kanalar.
- Avlaste avdelinga med å følge opp og svare på henvendelser fra kundar og andre oppdragsgjevarar.
- Følge opp administrative rutiner i samband med oppdrag.
Ta del i, ved behov:
- Utarbeide av utlånsrapportar i samband med utstillingar, samt pakking og montering av gjenstandar/tekstilar
- Tilstandsvurdering, fotografering og pakking for magasinering
- Reingjering av historiske interiør (såkalla housekeeping)
- Halde praktiske og teoretiske kurs for museumstilsette, kyrkjeeigarar og andre oppdragsgjevarar.
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg over tid i takt med behova til oppdragsgjevarane våre.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
- Relevant høgare utdanning innan konservering, minimum bachelornivå
- Relevant erfaring frå museum og oppdragskonservering
- God forståing for konserveringsfaget og marknaden
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå prosjektleiing
- Erfaring med utviklingsarbeid
- Erfaring med kundekontakt
Vi ser etter deg som:
- har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- samarbeider godt både internt i organisasjonen og med kundar og samarbeidspartar
- jobbar strategisk og målretta
- har evne til å sjå moglegeiter for endring og utvikling
- har god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Stillinga har krav om vandelsattest.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklingsorientert rolle i eit fagmiljø med høg kompetanse
- Moglegheit til å påverke retninga for konserveringstenestene våre
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibilitet og høve til fagleg utvikling
- Ein spanande og utfordrande jobb på eit unikt museum, med godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver
- 100% fast stilling
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Telefonordning
- Løn etter avtale/tariff
- MUHO er ein mangfoldig og inkluderande arbeidsplass
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bevaringstenestene er ei avdeling i MUHO som arbeider for dei konsoliderte musea i Vestland, og tek oppdrag for kyrkjer, museum, private og offentlege verksemder i heile landet.
Vi arbeider for å betre tilhøva for samlingane gjennom reorganisering av magasin, rengjering av historiske interiør, opplæring i IPM, dokumentasjon, flytting av samlingar og utarbeiding av verdiberedskapsplanar.
Vi held kurs i relevante tema. Vi tilbyr konservering av tekstil, metall, glas, keramikk, tre, lær og pels, samt rådgjeving og tilstandsvurderingar.
Kurs innan handtering, mugg og helsefarlege stoff er òg ein del av tilbodet.
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Du finn oss i:Salhus, Bergen:
- Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift.
Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6933467-b00e-4421-b3b3-cf1c347acded
- Sist endret
28. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271602
Lignende annonser
Konservator Gjenstand
Arbeidsgiver
Museumssenteret i Hordaland
Sted
Salhus
Driftsansvarlig kystlynghei på Lyngheisenteret
Arbeidsgiver
Museumssenteret i Hordaland
Sted
Seim
Konservator
Arbeidsgiver
Kode Kunstmuseer og komponisthjem
Sted
Bergen