100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med fagansvar
Sveio kommune
Løkjarvegen 35, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med fagansvar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Om stillinga
Me søkjer etter nye kollegaer til Sveio omsorgssenter – 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med fagansvar, i 2 delt turnus. Fagansvaret vert tilpassa din kompetanse, og for nyutdanna.Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar / vernepleiar har ansvar for medisinfaglege oppgåver
- Ansvar for fagleg utvikling innafor det aktuelle fagområde.
- Koordinering og oppfølgning av faglig aktivitet.
- Samarbeid på tvers av avdelinger for å sikre helhetlig faglig kvalitet.
- Samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetenesta
- Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling
- Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva tryggleik og meistring
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar, 3. års studentar oppmodast til å søkje.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Erfaring frå arbeid på sjukeheim er ynskjeleg.
- Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk.
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du er fleksibel og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
- Du er fagleg interessert og held deg oppdatert
- Positiv og trygg i rolla
- Arbeidar sjølvstendig og tek initiativ.
- Har evne til å handtere og strukturere varierte arbeidsoppgåver
- Ser og forstår betydinga av eit godt tverrfagleg arbeid
- Du har gode holdningar og verdiar som set pasientane i fokus
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheter
- Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar
Vi tilbyr
- Løn som fagansvarleg
- En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
- Mulighet for vidareutdanning
- Faste fagmøter for sjukepleiarane / vernepleiarane i eininga
- Godt fagleg arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærvær
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted