Helsefagarbeidar
Kviteseid kommune
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. september
Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar 80% fast ved somatisk og korttid frå d.d
Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.
Kviteseid omsorgssenter etablerer no ei eiga korttidsavdeling, og vi søkjer ein helsefagarbeidar som vil jobbe både på korttid og somatisk avdeling. Her vekslar du mellom oppgåver knytt til korttidsopphald, rehabilitering og somatisk pleie – og vi ønskjer difor deg som har erfaring frå desse områda og trivst med høgt tempo, faglege vurderingar og tett samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskrav
- Miljøretta arbeid i skjerma avdeling
- Aktiv deltaking i oppstart og utvikling av korttidsavdelinga
- Bidra i fagutvikling og kompetanseheving
- Rettleiing av lærlingar, studentar, bebuarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå korttid, rehabilitering eller somatisk avdeling er ein fordel
- Interesse for faget og utvikling av tenester
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- Fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
- Fagleg nysgjerrig og oppdatert
Vi tilbyr
Hjå oss får du ein kvardag der du kombinerer trygge og gode dagar for bebuarar med somatiske lidingar, demens / kognitiv svikt på skjerma avdeling, og faglege utfordringar og dynamikk i korttidsavdelinga.
Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – og som jobbar målretta for å gje bebuarar kvalitet, tryggleik og gode overgangar vidare i tenesteløpet.
Kviteseid omsorgssenter (KOS) har 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.
Kontaktinformasjon
Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.noArbeidsstad
Kviteseidgata 133850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5176319209
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Helene Stensrud Flatland
Leiar Kviteseid omsorgsenter
+47 90213757
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f66e3054-df4e-4c59-bf37-0f5762cfa2cd
- Sist endret
7. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
248edb3b8a614e5482f4939b1e269b01