Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Kviteseid kommune

Sted

Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 24. september

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar 90% fast ved skjerma avdeling, frå 01.12.26

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.

Vil du vere med og skape trygge og gode dagar, for menneske med demens eller kognitiv svikt? På skjerma avdeling ved Kviteseid omsorgssenter søkjer vi ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som trivst med struktur, aktivitet og relasjonsbygging – og som har lyst til å vere ein viktig del av eit lag som spelar kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

· Helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskrav
· Miljøretta arbeid i skjerma avdeling
· Bidra aktivt i fagutvikling og kompetanseheving
· Rettleiing og støtte til lærlingar, studentar, bebuarar og pårørande
· Tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
· Anna relevant helse- og omsorgsfagleg utdanning er òg ønskjeleg
· Interesse for faget og utvikling av tenesta
· God digital kompetanse
· Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

· Fleksibel, strukturert og løysingsorientert
· Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
· Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
· Fagleg nysgjerrig og oppdatert

Vi tilbyr

Hjå oss får du jobbe miljøretta, tett på bebuarar som treng tryggleik, forutsigbarheit og varme.
Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – der vi både tek vare på kvarandre og utfordrar kvarandre til å bli endå betre.

Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass.
Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.

Kontaktinformasjon

Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad

Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5176343213
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Helene Stensrud Flatland

Leiar Kviteseid omsorgsenter

+47 90213757

helene.stensrud@kviteseid.kommune.no

Om bedriften

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e1dfa5f4-7b91-4c2e-8ebf-141cbc90d8e5

Sist endret

7. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fca0fb56e28f4222a83aea972f4bb935

Lignende annonser

Laster lignende annonser