Sokneprest i Florø (Sunnfjord prosti) - Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn
Sunnfjord prosti, Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Strandgata 43, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Florø i Sunnfjord prosti - sokna Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig stilling som sokneprest i Florø med tenestestad i sokna Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal.
Vi søkjer etter ein prest som ynskjer å bygge kyrkjelyd, møte folk der dei er i livet og skape inkluderande fellesskap.
I Kinn kommune står dei havrelaterte næringane sterkt – til dømes havbruk, verfts-, fiske- og oljeindustri. To tredelar av arbeidstilknytninga i kommunen er i det private næringslivet. I bygdene er noko av arbeidslivet knytt til landbruk. Florø kommune har variert natur og gode høve for eit aktivt friluftsliv. Det er eit bredt spekter kultur- og fritidstilbod med kor, korps og kulturskule. Frå Florø er det gode kommunikasjonar med flyplass (én time til Oslo og 30 minutt til Bergen) og fleire daglege avgangar med ekspressbåt til Bergen.
Sokna er kjenneteikna av at vi har småbygdene og øyene i tillegg til byen. Vi har fem kyrkjer og tre bedehuskapell der vi har gudstenester. Det er om lag 12 000 innbyggjarar i sokna våre. Av desse bor om lag 10 000 i byen. Av innbyggjarane er 80% medlemmer i Den norske kyrkja. Mellomalderkyrkja på Kinn er ein av nøkkelstadane på kystpilegrimsleia og er der Kinnaspelet vert framført kvart år.
Vi søkjer ein sokneprest til ei variert og allsidig presteteneste. Vi ynskjer ein som trivst godt med å arbeide med barn og unge. Vi ser etter nokon som ynskjer å samarbeide med andre tilsette og frivillige. Denne stillinga vil passe godt for deg som er nyutdanna.
I løpet av 2024 skal ein flytte inn i nye kontor i eit eige Kyrkjetorg sentralt i Florø. Her vil vere nyoppussa og funksjonelle lokaler. Ved kontoret arbeider det tre prestar, to organister, to trusopplærarar i halv stilling, sekretær og dagleg leiar.
Prosten leiar prestetenesta i prostiet og kallar jamleg prestane inn til fagsamlingar. Sunnfjord prosti omfattar seks kommunar og har 17 sokn. Det er 15 prestar i prostiet.
Opplysningar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest), jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Konfirmantundervisning og trusopplæring i lag med trusopplærarar.
- Soknerådsarbeid
- Arbeid med pilegrimsarbeid, kultur og Kinnaspelet kan inngå i stillinga.
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid
- Gode formidlingsevner
- Har eit ønske om å bygge relasjoner og motivere frivillige
- Erfaring frå frivillig arbeid.
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Arbeidsvegleiing (ABV)
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, 996 25 480Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord
Arbeidsstad
Strandgata 436900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4637200111
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288764
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2dd67f4a04ef4bf7b60e5b291a7184e7