Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Herøy kommune, eigedomsavdelinga
Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Herøy kommune, seksjon reinhald, har ledig ei fast 80 prosents stilling som reinhaldar/reinhaldsoperatør. Stillinga er i hovudsak knytt til reinhald på Bergsøy-området, der vi har ansvar for reinhaldet på skular, barnehagar, kulturhus, rådhus, bibliotek og mykje meir.
Som reinhaldar vil du jobbe saman med andre reinhaldarar i seksjonen. Vi søkjer deg som kan jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Vi har også behov for at du kan jobbe helg av og til. Vi har mange dyktige kollegaer som jobbar målretta for å utføre ein god jobb i eit kjekt fellesskap.
Er du ein sjølvstendig og dyktig lagspelar som har lyst til å bidra til eit godt arbeidsmiljø? Då er det kanskje akkurat deg vi ser etter!
Arbeidsoppgåver
Reinhaldsoppgåver med ulike intervall som
- regelmessig reinhald
- periodisk reinhald
- hovudreingjering
Kvalifikasjonar
- ha fagbrev som reinhaldsoperatør eller erfaring innan reinhaldsfaget
- må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy for mellom anna dokumentere utført arbeid
- ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
- ha førarkort klasse B
- må kunne jobbe på helg
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som:
- tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
- tilpassar seg behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer på ein god måte, både med leiar, kollegaer og dei som brukar bygga
- er til å stole på og møter opp til avtalt tid
- har vilje til å lære nye ting i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- rettleiing og kurs innan ergonomi og arbeidsmetodar
- godt arbeidsmiljø
- pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ada Fjørtoft Kleppe, Reinhaldsleiar, +47 95726386Arbeidsstad
Rådhusgata 56090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4890377788
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.
«Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819634
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c20b970718ca48428480961a7e877c4e