Dagleg leiar for Vågå idrettslag, 40-60% stilling
Vågå Idrettslag
Hallan, 2680 Vågå, Vågå
Om jobben
Vi søkjer ein engasjert og positiv dagleg leiar i 40-60 % stilling som vil vere med å utvikle Vågå IL vidare. Vågå Idrettslag er ein viktig møteplass for store og små i bygda – ein plass der idrett, fellesskap og glede står i sentrum.
- Stillingstittel
- Daglig leder
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som-
Brenner for idretten og lokalsamfunnet
-
Er flink med folk, trivst i møte med alle typar menneske og skapar gode relasjonar
-
Har godt humør, drivkraft og evne til å inspirere andre
-
Jobbar strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
-
Har erfaring frå administrasjon, økonomi og organisasjonsarbeid, fortrinnsvis innanfor idrett/friviljug arbeid
-
Har kjennskap til søknadsarbeid, sponsing og prosjektutvikling
-
Har gode digitale ferdigheiter og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
-
Personleg eignaheit blir vektlagt
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver-
Dagleg drift og administrasjon av idrettslaget
-
Økonomioppfølging, budsjettarbeid og søknadar om tilskot
-
Arbeid med sponsoravtalar og samarbeidspartnarar
-
Støtte og oppfølging av idrettsgruppene (fotball, handball m.fl.)
-
Tilrettelegging for dugnad, arrangement og frivillig aktivitet
-
Kommunikasjon, informasjon og synleggjering av idrettslaget
Vi tilbyr
Vi tilbyr-
Ei meiningsfull og fleksibel stilling i hjartet av Vågå
-
Eit miljø fullt av engasjerte frivillige, trenarar og aktive
-
Høve til å påverke utviklinga av Vågå IL som sosial møteplass for alle
-
Lønn etter avtale
Om bedriften
Vågå Idrettslag er eit aktivt og inkluderande fleiridrettslag med 2 store undergrupper, fotball og håndball. Vi er om lag 600 medlemmar.
Laget har som mål å skape idrettsglede, meistring og fellesskap for alle, uansett alder og nivå.
Vågå IL har fleire aktive grupper -- mellom anna fotball, handball, tennis, ski, barneidrett og trim -- og engasjerer både barn, ungdom og vaksne gjennom heile året.
Vi er ein naturleg samarbeidspart for store og små arrangement i bygda.
Gjennom eit sterkt frivillig engasjement, gode anlegg og eit inkluderande miljø er Vågå IL ein viktig sosial møteplass i lokalsamfunnet.
Vi ønskjer å gi rom for både breiddeidrett og gode utviklingsmoglegheiter for dei som vil satse.
Saman jobbar vi for at idretten i Vågå skal vere tilgjengeleg, trygg og meiningsfull -- for alle.
Ta gjerne kontakt med styreleder Vidar Elda, 900 79 370 eller Yngve Eek Ottesen, 478 05 050 om du har spørsmål til stillinga.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f5ef4891-a73b-4f6e-a02b-c3444465dcf6
- Sist endret
27. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f5ef4891-a73b-4f6e-a02b-c3444465dcf6
Lignende annonser
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Vågå Kommune Bufellesskap
Sted
Vågå
Arbeidsgiver
Stor-Elvdal kommune
Sted
Koppang
Driftslederassistent
Arbeidsgiver
Alvdal Friskliv
Sted
Alvdal
Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Sted
Slidre