Fagarbeidar /assistent Ytre Arna skule
Ytre Arna skule, Bergen kommune
5265 Ytre Arna, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidarar Ytre Arna skule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. april
Vil du bli med oss i team YA?
Vi har ledig inntil to faste stillingar som fagarbeidar i 100% stilling. Stillingane dekker både skuletida og SFO, og er ledig frå 01.08.2025.
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar. Rundt 90 av elevane våre har plass på SFO, som er delt inn i tre grupper.
Skulens visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.
Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.
SFO si hovedsatsning er «Saman i vennskap, lek og læring». Vi ønsker trygge, varme, kreative og initiativrike medarbeidarar som har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
Støtte, rettleie og vise omsorg for elevar i leik, læring og utvikling.Ta ansvar for og leie aktiviteter på SFO
Deltaking i skolens profesjonsfellesskap, og tett samarbeid med andre tilsette
Kvalifikasjoner
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilsvarande kompetanse blir og vurdert, for eksempel frå høgskule.
Erfaring med arbeid i SFO /skule
Kompetanse innanfor friluftsliv, idrett, musikk eller forming er ein fordel.
Kompetanse i fleire språk er ein fordel.
God kompetanse i norsk er eit krav.
Gyldig politiattest er eit krav.
Personlige egenskaper
Du er ein trygg, tydeleg og varm voksen som ser, høyrer og forstår elevaneDu møter alle elever, kollegaer og foreldre med respekt og forståing.
Du har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team.
Du er faglig engasjert, fleksibel og løysningsorientert.
Du er ansvarsbevisst og strukturert.
Du er glad i å være ute.
Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
IA-bedrift og gode velferdsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Torunn Reistad Skurtveit, Rektor, 95743586Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bergen kommuneReferansenr.: 4946001329
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 20.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Torunn Reistad Skurtveit
Rektor
95743586
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2904221
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ce4b3ff63e54895ab9c3e509bab64d0