Sjukepleiar eller vernepleiar 80% fast stilling på natt, p.t. langvakter kvar 4. helg
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling / Kompleks rehabilitering Sandviken -KRS, Helse Bergen HF
Hatleveien 7D, 5038 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar eller vernepleiar i fast 80% stilling på natt
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. juni
Vil du bli ein del av eit engasjert og tverrfagleg team i ei spennande avdeling med viktige oppgåver?
Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har to ledige 80% nattstillingar for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Vi tilbyr for tida langvakter (12,25 t) med arbeid kvar fjerde helg, som ein del av eit pilotprosjekt for tilsette som ønsker denne turnusordninga.
KRS er ein lukka seksjon med åtte døgnplassar, organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) ved Psykiatrisk klinikk. Seksjonen gir eit behandlingstilbod til to ulike pasientgrupper:
- Seks plassar er for personar med psykoselidingar kombinert med utfordringar som rusmiddelbruk eller personlegdomsforstyrringar.
- To plassar er for personar med psykose i kombinasjon med psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrringar.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Vi har eit sterkt fokus på relasjonsbygging og trygg overgang til bustad, i tett samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester.
Miljøterapien vår omfattar:
- Systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet)
- Stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering
- Musikkterapi som ein del av behandlingstilbodet, for å støtte kjensleuttrykk, styrkje sjølvkjensle og fremje meistring i kvardagen
- Vi legg òg stor vekt på fysisk helse. Seksjonen har tilgang til fysioterapeut og gode treningsfasilitetar, inkludert gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod der både psykisk og fysisk helse står sentralt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten, med fokus på søvnhygiene
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Ansvarsvakt
- Medisinansvar
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ønskjeleg
- Ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Arbeider strukturert, effektivt og målretta
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar
- Har ønskje og evne å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagutvikling og internundervising
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Opplæring i MAP
- Kompetente medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.noCecilie Engelsgjerd Eikestad, Ass. seksjonsleiar, 55958878, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4973619067
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 23.06.2025
Søknadsfrist: 09.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2953688
- Hentet fra
talentech
- Referanse
11df2341afae48f08116eb890ee5e0e6