Bli ein nøkkelperson i HR-teamet vårt!
Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
HR rådgjevar nærvær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelege! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid.
No er vi på jakt etter ein ny kollega til å ta over stafettpinnen i arbeidet med nærvær, sjukefråvær og arbeidsmiljø. Den som har hatt rolla til no går vidare til nye oppgåver internt i HR-teamet - eit godt døme på dei utviklingsmoglegheitene vi har. Ho blir framleis ein viktig del av laget, og du vil få ein god kollega å sparre med frå dag ein!
Du får ansvar for prosessar som betyr mykje og som har direkte påverknad på korleis kvardagen opplevast for mannskapet vårt, både til lands og til sjøs. Det handlar om å vere ein trygg rådgjevar, halde ein trygg og stø kurs i krevjande saker og vere ein aktiv pådrivar for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Fjord1 er i stadig endring og vekst - og det same er HR konsern. HR konsern i Fjord1 består av fem dedikerte kollegaer som jobbar tett på både leiinga og alle dei tilsette i rederiet. Her får du ein variert kvardag med ansvar, tillit og høve til å vere med og forme retninga vidare. Vi har høgt tempo og stort fagleg engasjement, men òg rom for mykje humor, omsorg og arbeidsglede i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du få ein sentral plass i arbeidet med å styrke jobbnærværet og sikre eit godt arbeidsmiljø i heile selskapet. Du vil ha både operative og stragegiske oppgåver innan HR, og vere sentral i å forme arbeidsmiljø og kultur på tvers av rederiet. Du skal støtte leiarar, utvikle gode rutinar og bidra i saker som krev både fagleg innsikt og menneskeleg forståing. Arbeidet vil vere variert og meiningsfullt – og du blir ein viktig ressurs både for Fjord1 og dei tilsette.
Hovudoppgåver:
- Rettleie og støtte leiarar i spørsmål om sjukefråvær, tilrettelegging og arbeidsmiljø
- Arbeide med førebygging og oppfølging av sjukefråvær, og bidra til å auke nærværet
- Legge til rette for at leiarar kan støtte tilsette med redusert arbeidsevne på ein god måte
- Bistå i personalsaker og konflikthandtering
- Ha ei nøkkelrolle i verne- og arbeidsmiljøutvala i selskapet
- Analysere og følge opp sentrale HR-KPIar
- Bidra i omstillingsprosessar og organisasjonsutvikling
Kven ser vi etter
Vi ser etter deg som har eit stødig fagleg kompass, god rolleforståing og evne til å vere tydeleg, også når det stormar litt. Du trivst med å gje råd, stå i krevjande saker og bidra til å styrke både den enkelte tilsette og selskapet som heilskap. Du har gode kommunikasjonseigenskaper både muntleg og skriftleg, er strukturert og sjølvstendig – og du får ting til å skje. Du er trygg i rådgjevarrolla, god til å byggje relasjonar og held framdrifta oppe i eigne saker.
Vi ønskjer at du:
- Har høgare utdanning innan til dømes HR, helse ellre noko anna spennande. Relevant erfaring kan kompensere.
- Har relevant arbeidserfaring, gjerne innan sjukefråværsoppfølging, NAV, tiltaksarrangør eller liknande
- Har solid forståing for, eller evne til å sette deg inn i, relevant lov- og avtaleverk
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokale er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Dette kan vi tilby deg
Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.
Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Klar for å bli med ombord?
Om du kjenner deg igjen i mykje av det vi beskriv – og vil bruke kompetansen din til å utvikle både menneske og selskapet – vil vi veldig gjerne høyre frå deg.
Skap framtida di saman med oss – nærvær er nøkkelen på land og til sjøs.
Kontaktinformasjon
Heidi Felle, HR leiar konsern, 48222791, heidi.felle@fjord1.noArbeidsstad
Strandavegen 156905 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4971451165
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2951113
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e78899da09e548d6899b8d2fb09cfd8e