Leiar for digitalisering og IKT
Sogndal kommune IKT og Digitalisering
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Vil du vere med å bygge framtidas digitale Sogndal?
Sogndal kommune har bygd ein solid teknisk grunnmur og jobbar aktivt med brukar- og innbyggjarorientert digitalisering. No skal me ta neste steg: frå tradisjonell IKT-drift til moderne, datadriven og løysingsorientert digital utviklingskraft.
Dette er ei nøkkelrolle med stort handlingsrom, og du får leie eit kompetent fagmiljø.
Kva du faktisk skal drive med
Dette er ikkje berre drift og dokument. Dette er utvikling, styring og retning.
Arbeidsoppgåvene:
Jobbe operativt med dagleg drift og rådgjeving
Sikre stabil, trygg og framtidsretta IKT-drift lokalt og i sky
Rigge kommunen for smart og ansvarleg bruk av KI, automasjon og datadeling
Etablere metodikk og kultur for kontinuerleg læring og iterativ leveranse
Sørgje for robust informasjonstryggleik og god identitetshandteringspraksis
Jobbe tett med leiarar, fagmiljø, kollegaer og politisk nivå
Vere aktiv i regionale og nasjonale satsingar og samarbeid
Leie og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø innan digitalisering og IKT
Ha økonomiansvar og personalansvar
Kort sagt: du skal vere ein trygg leiar som set retning og har oversikt når me byggjer framtidas digitale kommune.
Kven du er
Du kjenner deg truleg igjen i mykje av dette:
Høgare relevant utdanning (erfaring kan kompensere)
Erfaring med leiing og teknologiretta utviklingsarbeid
Evne til å snakke like godt med utviklarar, driftsfolk og leiarar
Kommuneforståing, eller vilje og evne til å lære det raskt
Flink til å finne balansen mellom standardisering og innovasjon
Trygg på struktur, risikotenking og kommunal organisering
Engasjert i data, tryggleik og arkitektur, men også i menneska og kulturen rundt
Er nysgjerrig og klar for å lære og lære vekk
Du får energi av å skape framdrift og levere verdi, og du likar at ting faktisk fungerer i praksis.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kvifor dette kan passe deg
- Stor påverknadskraft i ein kommune som vil noko
- Moglegheit til å bygge moderne digital kapasitet, ikkje berre forvalte
- Tett og godt fagmiljø, både lokalt og i regionen
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
Og ikkje minst: Dette er en kjekk jobb. Du får folk rundt deg som vil bidra, utvikle og gjere det bra saman.
Om Sogndal kommune
Sogndal kommune ligg i hjarta av Sogn, med fjord og fjell rett utanfor kontordøra. Me er regionsenter i Sogn med omlag 12 000 innbyggjarar og rundt 1 300 tilsette. I tillegg er me vertskap for om lag 3 000 studentar gjennom studieåret. Me har ambisjonar om å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med særlege fortrinn innan reiseliv, kompetansemiljø og innovasjon.
Praktisk
Arbeidsstad: Sogndal kommune
Stilling: 100%, fast
Oppstart: snarleg
Søknadsfrist:
Kontakt: Elin Henjesand Kvam, konstituert kommunalsjef støttetenester/IKT/Nav
e-post: elin.henjesand.kvam@sogndal.kommune.no
tlf: 99286116
Søknad sender du via EasyCruit.
Administrasjonsmålet er nynorsk, prøvetid er seks månader. Vi har offentleg søkjarliste etter regelverket.
Mangfald og inkludering
Me ynskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring. Sogndal kommune jobbar for likestilling og mot diskriminering, og me legg til rette for medarbeidarar som treng det.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Elin Henjesand Kvam
konstituert kommunalsjef støttetenester/IKT/Nav
99286116
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f52b1be3-ecd1-4aa5-a20c-25ce69cb6026
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3565059_194747_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Vatn og avløp
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Brønnøysund, Oslo, Leikanger