Leiar for vatn og avløp
Sogndal kommune Vatn og avløp
6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Me i Sogndal kommune ser etter ein engasjert og jordnær leiar for vatn og avløp (VA) som har lyst til å ta eit breitt fagleg ansvar og leie eit lite, men kompetent team som held hjula i gang – bokstaveleg talt.
Kva får du jobbe med?
Hos oss får du noko mange andre ikkje får:
- Heile breidda i VA-faget – frå akutte utfordringar som lekkasjar og stopp i reinsesystem, til langsiktige planar og store prosjekt som nytt reinseanlegg.
- Du får jobbe tett på drift, utvikling og samfunnsplanlegging, og har ein finger med i alt som skjer innafor VA i kommunen.
- Du får vere med og byggje framtidas Sogndal. Det inneber å sørgje for trygt og reint drikkevatn, gode avløpsløysingar og førebyggje forureining. Kort sagt: samfunnssikkerheit i praksis.
- Beredskapshandtering ved eventuelle kriser innafor Vatn og avløp
Å legge til rette for at dei andre i avdelinga får gjort jobben sin på ein enkel og god måte. Du held oversikt og retning, planlegg både drift og prosjekt, og sikrar at ressursane blir brukte klokt.
Kva ser me etter?Du har ingeniørutdanning innan vatn- og avløpsteknikk og erfaring med prosjekt- og økonomiarbeid. Du trivst med både folk og fag, og likar å jobbe tett på det som faktisk skjer.
Du meistrar norsk språk godt både munnleg og skriftleg
Manglar du formell utdanning, men har solid relevant erfaring? Då vil me høyre frå deg.
Dette får du hjå oss
- Ein meiningsfull jobb der innsatsen din har direkte betydning for folk og miljø.
- Varierte dagar og stor fagleg breidde; frå plan til praksis.
- Gode kollegaer som stiller opp for kvarandre, delar kunnskap og finn løysingar i lag.
- Moglegheit for fagleg utvikling og kurs.
- Ein kvardag der du kan kombinere karriere med friluftsliv og høg livskvalitet midt i Sogn.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med tenesteleiar Torgeir Bang på telefon 900 21 120.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Litt formelt til sluttMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for gode arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid.
I følgje offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar gjerast offentlege sjølv om du har bede om unntak. Du blir varsla dersom det skjer.
Søknadar må sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit innan fristen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9998476-61c5-4934-94b2-50dc67df765f
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3558171_218979_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
VB Gruppen
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal