Hopp til innhold

Rosseland SFO søkjer nye medarbeidarar

Arbeidsgiver

Rosseland skule, Time kommune

Sted

Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidar SFO
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget!
Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling. For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget?

SFO-en vår er den største i kommunen,  og er i stadig vekst. Meir enn 240 barn er meldt inn for skuleåret 2026-27, og no treng me forsterkingar på laget vårt.

Er det deg me er på jakt etter?

Me har ledig inntil 3 faste stillingar som fagarbeidar 50 % frå 01.08.26

Det kan òg oppstå behov i skulen/vikaroppdrag i løpet av skuleåret.

Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har skuleåret 2026-27 560 elevar, og det er 80 tilsette. Av desse jobbar 25 på SFO!            Me kan tilby eit flott skulebygg som er godt utstyrt.  Skulen er ein del av "Jærskulen", og me ønskjer derfor å fornya oss, og vera i front av den generelle skuleutviklinga både lokalt og nasjonalt.

Me arbeidar kvar dag for at barnet skal bli sett, høyrt og inkludert, slik at det opplever meistring aleine og saman med andre på laget vårt.
Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Me er sertifiserte som Olweusskule og jobbar aktivt med "Laget rundt læraren og eleven", som er eit tverrfagleg samarbeid med blant anna PPT og helsesjukepleiar. Me har ein sosialfagleg ressursperson som arbeidar både førebyggjande, og med enkeltsaker der barn opplever å ha det vanskeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, leia, støtta, rettleia og aktivisera barn på ein trygg, tydeleg og positiv måte
  • Tilrettelegga og følgja opp elevar med særskilte behov som reguleringsvansker, stellebehov og ulike utviklingsforstyrringar
  • Delta og bidra i eit lærande fellesskap med dei andre tilsette på SFO
  • Bidra til eit godt samarbeid med foreldre
  • Leggja til rette for at barn og foreldre opplever tryggheit, omsorg og trivsel
  • Hjelpa til med å servera mat og veilede elevar under måltidet
  • Halda seg orientert på informasjon via e-post og andre kanaler

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer fortrinnsvis deg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre relevante fagbrev kan òg vere aktuelle.
    Personar utan fagbrev, men med erfaring frå arbeid med barn og unge, vert òg oppmoda til å søkja.
  • Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge.
  • Krav om norskferdigheiter på minimum nivå B1
  • Krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunna arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må lika utfordringar, vera engasjert og løysingsorientert
  • Du må ha god omstillingsevne
  • Du må ha evne til å ta ansvar for eiga utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner, og framstå klar og tydeleg

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Cynthia Henriksen, Avdelingsleiar SFO, 943 73 282
Geir Soma, Rektor, +47 975 81 636

Arbeidsstad

Dronning Mauds gate 3
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5132084294
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 03.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Geir Soma

Rektor

+47 975 81 636

Cynthia Henriksen

Avdelingsleiar SFO

943 73 282

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f51b160e-9c06-477d-8fb7-1083f41f93f8

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b573ea6f9afd49bcbbf9649c57a627d9

Lignende annonser

Laster lignende annonser