Hopp til innhold

Ringevikar Masfjorden sjukeheim

Arbeidsgiver

Masfjorden kommune

Sted

Hosteland, 5986 Hosteland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikar Masfjorden sjukeheim (november 2024)
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Her kan du søkja om å vere ringevikar ved Masfjorden sjukeheim. Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Me ser etter deg som kan arbeide når våre fast tilsette er borte frå arbeid, for eksempel ved sjukdom, permisjonar og i feriar.  

Kort om stillinga 

Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passer for deg.  Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt. Dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid må du følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som vert lyst ledige.   


 Me ser etter deg som

  • Har helsefagleg utdanning, eller 
  • Er elev/student og ynskjer ekstraarbeid 
  • Ikkje har utdanning, men som har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim 

Du må 

  • Vere påliteleg, arbeidssom og sjølvstendig i ditt arbeid 
  • Vere fleksibel og kunne samhandle godt med brukarar, pårørande og kollegaer 
  • Snakke og forstå norsk godt (har du eit anna morsmål enn norsk er kravet B1) 

Me kan tilby

  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer 
  • Ein arbeidsplass der du får utvikle gode haldningar til arbeidet 
  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket  
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 

Søknad og tilsetjing 

Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn. 

 

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede. 


Slik søker du 

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.  


Om bedriften

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord ogkommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes. 

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f50fd093-3e76-46a7-a44f-fc7c8d47a654

Sist endret

12. november 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10228726

Lignende annonser